Bible Study: FrontPage




 

Esaias, Chapter 15

Bible Study - Esaias 15 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Framsegn um Moab. Ja, på ei natt vert Ar-Moab øydelagt og gjort ende på; ja, på ei natt vert Kir-Moab øydelagt og gjort ende på.
  
2. Dei stig upp til huset* og til Dibon på offerhaugane og vil gråta; på Nebo og på Medeba skal Moab jamra seg; kvart hovud er snaudt, kvart skjegg avraka.
  
3. På gatone sveiper dei sekk um seg; på tak og på torg skal alle jamra og lata tårone fløyma.
  
4. Hesbon og El'ale klagar høgmælt, so det høyrest radt til Jahas. Difor jamrar og hermennene åt Moab seg, Moabs sjel skjelv.
  
5. Hjarta mitt klagar yver Moab, rømingane hans flyr radt til Soar, triårskviga; for gråtande gjeng dei uppetter bakken til Luhit, og på vegen til Horona'im jamrar dei høgt yver øydeleggjingi.
  
6. Nimrimsvatni vert øydemarker; graset turkast upp, brodden visnar, eit grønt strå er ikkje meir å sjå.
  
7. Difor ber dei det som dei hev drege saman, sitt uppsparde gods, yver Vierbekken*.
  
8. Ja, klageropi gjeng yver alt Moabs land; til Egla'im når deira våling, og til Be'er-Elim;
  
9. for Dimonsvatni er fulle av blod. Ja, endå meir vil eg lata koma yver Dimon: ei løva yver dei som er berga av Moab, yver leivningen i landet.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES