Bible Study: FrontPage




 

Esaias, Chapter 17

Bible Study - Esaias 17 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Framsegn um Damaskus. Damaskus skal ikkje lenger vera ein by, det skal verta ein grushaug.
  
2. Aroer-byane vert folketome; hjorder fær dei til heim og lægrar seg der, og ingen skræmer dei.
  
3. Og det skal vera slutt med borger i Efra'im og med kongedømet i Damaskus og med leivningen av Syria. Det skal ganga med dei som med herlegdomen åt Israels-borni, segjer Herren, allhers Gud.
  
4. I den tidi skal Jakobs herlegdom verta vesal, og holdet skal minka burt frå folket.
  
5. Det skal ganga liksom når skurdmannen grip i åkeren, og armen hans skjer aksi; det skal ganga liksom når dei sankar aks i Refa'im-dalen.
  
6. Berre ein etterhaust skal verta att der, liksom når dei slær ned bær av oljetreet; tvo, tri bær øvst i toppen, ei fire, fem på greinene åt frukttreet, segjer Herren, Israels Gud.
  
7. I den tidi skal mannen venda seg til skaparen sin, og augo hans sjå upp til Israels Heilage;
  
8. han skal ikkje lenger venda seg til dei altar hans hender hev gjort, og ikkje sjå på det fingrane hans hev laga, korkje på Astarte-bileti eller solstolpane.
  
9. I den tidi skal dei faste byane i Israel verta liksom dei aude tufter i skogane og på høgdene, dei som dei drog burt ifrå for Israels-borni skuld, og landet skal vera ei øydemark.
  
10. For du gløymde Gud, din frelsar, og ditt sterke fjell kom du ikkje i hug; difor plantar du yndelege hagar og set utlendske vintre i dei.
  
11. Den dagen du plantar, set du gjerde kringum, og um morgonen fær du plantningen din til å bløma; men avlingi kverv på sjukdoms-dagen, og pinsla er ulækjande.
  
12. Høyr brusen av mange folk! Det bruser som havet. Høyr dunen av folkeslag! Det dyn som veldige vatn.
  
13. Ja, det dyn av folkeslag som når store vatn dyn. Men han trugar dei, og dei flyr langt burt; dei vert føykte som agner for vind på fjelli og som kvervlande dumba for stormen.
  
14. Um kvelden, sjå då er det redsla, og innan morgonen lyser, er dei ikkje meir til. Soleis gjeng det dei som plundrar oss, dette er luten åt dei som ranar hjå oss.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES