Bible Study: FrontPage




 

Esaias, Chapter 2

Bible Study - Esaias 2 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Det ordet som Esaias, son åt Amos, fekk i ei syn um Juda og Jerusalem:
  
2. Og det skal verta so i dei siste dagar*, at det fjellet der Herrens hus stend, skal vera grunnfest på toppen av fjelli og lyfta seg høgt yver alle haugane, og alle heidningfolki skal strøyma dit.
  
3. Og mange folkeslag skal ganga av stad og segja: Kom, lat oss fara upp til Herrens fjell, til huset åt Jakobs Gud, so han kann læra oss sine vegar, og me ferdast på hans stigar! For frå Sion skal lovlæra ganga ut, og Herrens ord frå Jerusalem.
  
4. Og han skal døma millom heidningfolki og skifta rett for mange folkeslag. Då skal dei smida sverdi sine um til hakkor og spjoti sine til hageknivar; folk skal ikkje lenger lyfta sverd mot folk, og dei skal ikkje lenger temja seg upp til krigsferd.
  
5. Jakobs ætt! Kom, lat oss ferdast i Herrens ljos!
  
6. For du hev støytt frå deg folket ditt, Jakobs ætt, for di dei er fulle av trolldom frå Auster-land og fer med spåkunster som filistarane, og folk av framand ætt dreg dei inn i landet i flokketal.
  
7. Landet deira vart fullt av sylv og gull, og det er ingen ende på eignelutene der; landet deira vart fullt av hestar, og det er ingen ende på vognene;
  
8. landet deira vart fullt av avgudar: dei fell på kne for verk av sine eigne hender, for det som deira eigne fingrar hev gjort.
  
9. Og menneskja vert bøygd, og mannen mykt - tilgjev dei ikkje!
  
10. Fly inn i fjellet og gøym deg i jordi for Herrens redsla, for hans høgvelde og herlegdom!
  
11. Menneskja lyt slå ned sine stolte augo, og mannsens stormod vert bøygt, og einast Herren stend høg på den dagen.
  
12. For Herren, allhers Gud, hev sett ein dag til dom yver alt det kaute og keike og yver alt det som ris i veret, so det vert lite og lågt,
  
13. både yver alle sedrar på Libanon, dei høge og stolte, og yver alle Basan-eikene,
  
14. yver alle høge fjell og alle stolte høgder,
  
15. yver alle høge tårn og alle faste murar,
  
16. yver alle Tarsis-skip og yver alt som er fagert å skoda.
  
17. Då vert ovmodet i menneskja bøygt, og mannsens stormod mykt, og einast Herren stend høg på den dagen.
  
18. Og avgudane - med dei er det ute for ollo.
  
19. Og folk skal fly inn i hellerar og jordholor for Herrens redsla og for hans høgvelde og herlegdom, når han reiser seg og skræmer jordi.
  
20. På den dagen skal menneski kasta for moldvarpar og skinnvengjor gudane sine av sylv og gull, som dei hev gjort seg til å falla på kne for,
  
21. og dei skal fly inn i fjellskortor og djuv for Herrens redsla og for hans høgvelde og herlegdom, når han reiser seg og vil skræma jordi.
  
22. So set då ikkje lenger dykkar lit til menneskja, som berre hev ein pust i nosi si! Kva er ho å bry seg um?


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES