Bible Study: FrontPage




 

Esaias, Chapter 31

Bible Study - Esaias 31 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Usæle dei som fer ned til Egyptar-land etter hjelp og lit på hestar og stolar på vogner for di dei er so mange, og på hestfolk for di dei er so mannsterke, men ikkje vender augo til Israels Heilage og ikkje søkjer Herren!
  
2. Men han og er vis, han let ulukka koma, og ordi sine tek han ikkje i seg att; men han reiser seg mot huset åt dei vonde og mot dei som er hjelp for illgjerdsmenner.
  
3. Og egyptarane er menneske og ikkje Gud, og deira hestar er kjøt og ikkje ånd, og Herren skal retta ut handi si og hjelparen skal snåva, og den som hev fenge hjelp, falla; og dei skal alle saman ganga til grunns.
  
4. For so sa Herren til meg: Liksom ei løva, ei ungløva, burar yver rovet sitt, um ein heil flokk hyrdingar sankar seg imot henne, og ho skræmest ikkje av skriket deira og vert ikkje redd for ståket, soleis skal Herren, allhers Gud, fara ned og strida mot Sions fjell og mot Jerusalems-haugen.
  
5. Liksom fuglane breider ut vengene sine, soleis skal Herren, allhers Gud, verja Jerusalem, verja og frelsa, ganga framum* og berga.
  
6. Vend um til han som de er so djupt falne frå, de Israels-born!
  
7. For i den tidi skal kvar ein av dykk kasta frå seg sine sylvgudar og gullgudar, som dykkar hender hev gjort dykk til å synda med.
  
8. Og Assur skal falla for eit sverd som ikkje høyrer ein mann til, og eit sverd som ikkje høyrer eit menneske til, skal øyda han, og han skal røma for sverdet, og hans unge menner skal verta trælar.
  
9. Og berget* hans skal røma i redsla, og fyrstane hans skal skræmast burt ifrå fana si, segjer Herren, han som hev elden sin i Sion og omnen sin i Jerusalem.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES