|
|
Esaias, Chapter 35
1. Øydemarki og turrlendet skal gleda seg, og den aude heidi skal fegnast og bløma som ei lilja.
2. Ho skal bløma og fegnast, ja fegnast og syngja med frygd; herlegdomen åt Libanon hev ho fenge, Karmels og Sarons pryda; dei skal sjå Herrens herlegdom, vår Guds pryda.
3. Styrk dei valne hender og gjer dei ustøde kne sterke!
4. Seg til dei urolege hjarto: Ver frihuga, ottast ikkje! Sjå, der er dykkar Gud! Hemnen kjem, vederlag frå Gud, han kjem sjølv og frelser dykk.
5. Då skal augo åt dei blinde verta opna, og øyro åt dei dauve verta upplatne;
6. då skal den lame springa som ein hjort, og tunga åt den mållause jubla. For kjeldor bryt fram i øydemarki, og bekker på den aude heidi,
7. og det gloande sandhavet skal verta til ein sjø, og det tyrste landet til vasskjeldor; på den staden der sjakalar låg og kvilde, veks sev og røyr.
8. Og der skal det vera ein brøytt veg, og dei skal kalla han den heilage vegen; ingen urein skal ganga på han, men han skal vera berre for hans folk; ingen vegfarande, ikkje dårar ein gong, skal fara vilt.
9. Der skal det ingi løva vera, og inkje rovdyr skal koma upp på han; dei skal ikkje finnast der; men dei utløyste skal ferdast der.
10. Og Herrens utløyste skal snu heim att og koma til Sion med fagnadrop, og æveleg gleda er det yver hovudet deira; frygd og gleda skal dei nå, og sorg og sukk skal fly.
|
|
Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.
|
| |
| This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com |
|
|
|
SELECT VERSION
COMPARE WITH OTHER BIBLES
|
|