Bible Study: FrontPage




 

Esaias, Chapter 52

Bible Study - Esaias 52 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Vakna, vakna, klæd deg i styrke, du Sion! Klæd deg i ditt høgtidsskrud, Jerusalem, du heilage by! For aldri meir skal det koma inn i deg ein u-umskoren eller urein.
  
2. Rist av deg dusti og reis deg, og kom deg til sætes, Jerusalem! Løys deg frå lekkjone um din hals, du fanga Sionsdotter!
  
3. For so segjer Herren: For inkje vart de selde, og utan pengar skal de verta utløyste.
  
4. Ja, so segjer Herren, Israels Gud: I si fyrste tid drog folket mitt ned til Egyptar-land og vilde vera gjester der, og sidan var Assur hard imot det utan nokon rett.
  
5. Og no, kva skal eg vel gjera her? segjer Herren; for dei hev ført folket mitt burt for inkje, valdsherrane uler, segjer Herren, og heile utlange dagen vert namnet mitt spotta.
  
6. Difor skal folket mitt læra å kjenna namnet mitt; difor skal de merka den dagen at det er eg som segjer: Sjå, her er eg.
  
7. Kor fagre er på fjelli hans føter som ber gledebod, som forkynner fred, som ber godt bod, som forkynner frelsa, som segjer til Sion: Din Gud er no konge!
  
8. Høyr! Dine vaktmenner ropar, dei jublar alle i hop; for beint for sine augo ser dei at Herren kjem heim att til Sion.
  
9. Set i og jubla alle saman, de grushaugar i Jerusalem! For Herren trøystar sitt folk, han løyser ut Jerusalem.
  
10. Herren nækjer sin heilage arm for augo på alle folki, og alle utbygder på jordi fær sjå frelsa frå vår Gud.
  
11. Burt, burt! Drag ut derifrå*! Ikkje rør noko ureint! Drag ut derifrå! Reinsa dykk, de som ber Herrens kjerald!
  
12. For de tarv ikkje skunda dykk ut og ikkje røma når de fer; for Herren gjeng fyre dykk, og Israels Gud fer sist i ferdi.
  
13. Sjå, min tenar skal fara visleg fram; han skal stiga og veksa og verta ovleg stor.
  
14. Liksom mange vart forfærde for hans skuld - so skamførd var han at han såg ikkje ut som eit menneske og var ikkje på skapnad som andre mannsborn -
  
15. so skal han få mange folkeslag til å fara upp*, for han skal kongar lata munnen att; for dei hev set det som ikkje var fortalt dei, og dei hev gått det som dei aldri hadde høyrt.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES