Bible Study: FrontPage




 

Esaias, Chapter 62

Bible Study - Esaias 62 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. For Sions skuld vil eg ikkje tegja, og for Jerusalems skuld vil eg ikkje vera still, fyrr hennar rettferd kjem fram som ein stråleglans, og hennar frelsa som ein brennande kyndel.
  
2. Og folki skal sjå di rettferd, og alle kongar din herlegdom, og du skal få eit nytt namn, som Herrens munn skal nemna.
  
3. Du skal vera ei herleg kruna i handi åt Herren og ein kongeleg hovudprydnad i handi åt din Gud.
  
4. Du skal ikkje heita "den forlatne" lenger, og ditt land ikkje heita "øydeland", men du skal heita "ho eg hev huglagt", og landet ditt "ektevivet"; for Herren hev hugnad i deg, og landet ditt skal verta ektevigt.
  
5. For som ein ungdom ektar ei møy, so skal dine born ekta deg, og som brudgomen gled seg i bruri, skal din Gud gleda seg i deg.
  
6. På murane dine, Jerusalem, set eg vaktmenner*; heile dagen og heile natti skal dei aldri tegja; de som minner Herren*, unn dykk ingi ro!
  
7. Og gjev ikkje han ro fyrr han byggjer Jerusalem upp att og let det verta til emne for lovsong på jordi.
  
8. Herren hev svore ved si høgre hand og ved sin veldige arm: Eg skal ikkje lenger gjeva ditt korn til føde for fiendane dine, og ikkje skal utlendingar drikka di druvesaft, som du hev havt møda med;
  
9. men dei som haustar kornet, skal eta det og prisa Herren, og dei som sankar druvone, skal drikka safti i fyregardane til min heilagdom.
  
10. Drag inn, drag inn gjenom portane, ryd vegen for folket, brøyt, brøyt brauti, reinsa henne for stein, reis eit merke for folki!
  
11. Høyr, Herren let det ljoma til heimsens ende: Seg til Sions dotter: Sjå, di frelsa kjem; si løn hev han med seg, og hans vederlag gjeng fyre han.
  
12. Og dei skal kallast "det heilage folket", "Herrens løyste"; og du sjølv skal heita "den søkte", "byen som ikkje er aud".


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES