Bible Study: FrontPage




 

Jakobs, Chapter 1

Bible Study - Jakobs 1 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Jakob, Guds og Herren Jesu Kristi tenar, helsar dei tolv ættene som lever i framande land.
  
2. Haldt det for berre gleda, mine brør, når de kjem ut i ymse freistingar,
  
3. etter di de veit at prøvingi av trui dykkar verkar tolmod;
  
4. men tolmodet må føra til fullkome verk, so de kann vera fullkomne og heile og ikkje vanta noko.
  
5. Men dersom nokon av dykk vantar visdom, so bede han Gud, han som gjeve alle viljugt og utan vondord, og han skal få.
  
6. Men han må beda i tru og ikkje tvilande; for den som tvilar, er liksom havbåra som vert drivi ikring og kasta hit og dit av vinden.
  
7. For ikkje må det mennesket tru at han skal få noko av Herren,
  
8. slik ein tvihuga mann, ustød på alle sine vegar.
  
9. Men den låge broren rose seg av sin høgleik,
  
10. og den rike av sin lågleik; for han skal kverva burt som blomen på graset;
  
11. Soli gjekk upp med sin hete og gjorde graset turt, og blomen på det fall av, og hans fagre skapnad vart øydelagd; soleis skal og den rike visna på sine vegar.
  
12. Sæl er den mannen som held ut i freisting! for når han hev stade ei prøva, skal han få livsens kruna, som Gud hev lova dei som elskar han.
  
13. Ingen må segja når han vert freista: Eg vert freista av Gud. For Gud er ikkje freista av det vonde, og sjølv freistar han ingen.
  
14. Men kvar ein vert freista når han vert lokka av si eigi lyst;
  
15. Sidan, når lysti vert med barn, føder ho synd; men når syndi er fullmogna, føder ho daude.
  
16. Far ikkje vilt, mine kjære brør!
  
17. All god gåva og all fullkomi gåva kjem ovantil, frå Faderen til ljosi, han som det ikkje er umbrøyte ved eller skiftande skugge.
  
18. Etter sin vilje hev han født oss ved sannings ord, so me skal vera ei fyrstegrøde av hans skapningar.
  
19. Det veit de, kjære brør! Men kvart menneske vere snar til å høyra, sein til å tala, sein til vreide;
  
20. for ein manns vreide verkar ikkje det som er rett for Gud.
  
21. Legg difor av all ureinskap og alt som er att av vondskap, og tak med spaklynde imot ordet som er innplanta i dykk, og som kann frelsa sjelene dykkar.
  
22. Men vert slike som gjer etter ordet og ikkje berre høyrer det, elles dårar de dykk sjølve!
  
23. For dersom nokon høyrer ordet og ikkje gjer etter det, då er han lik ein mann som skodar sitt naturlege andlet i ein spegel;
  
24. han skoda seg sjølv og gjekk burt, og gløymde straks korleis han såg ut.
  
25. Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held ved med det, so han ikkje vert ein gløymsam høyrar, men ein som gjer gjerningi, han skal vera sæl i si gjerning.
  
26. Dersom nokon meiner at han er ein gudsdyrkar, og ikkje tøymer tunga si, men dårar sit eige hjarta, hans gudsdyrking er fåfengd.
  
27. Ei rein og usmitta gudsteneste for Gud og Faderen er dette: å sjå til farlause og enkjor i deira trengsla, å halda seg sjølv uflekka av verdi.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES