Bible Study: FrontPage




 

Jeremias, Chapter 24

Bible Study - Jeremias 24 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Herren let meg sjå denne syni: Tvo korger med fikor var sette framfor Herrens heilagdom - det var då Nebukadnesar, Babel-kongen, hadde fanga Jekonja Jojakimsson, Juda-kongen, og Juda-hovdingane, timbremennene og smedane og ført dei frå Jerusalem til Babel.
  
2. I den eine korgi var det fikor av beste slag, like dei fyrst mogne fikone, men i den andre korgi fikor av låkaste slag, so låke at dei ikkje var etande.
  
3. Då sa Herren til meg: Kva ser du, Jeremias? Eg svara: Fikor; dei gode fikone er av beste slag, men dei låke er av låkaste slag, so låke at dei ikkje er etande.
  
4. Då kom Herrens ord til meg, og det lydde so:
  
5. So segjer Herren, Israels Gud: Som ein gjer med desse gode fikone, soleis vil eg sjå med hugnad på dei burtførde av Juda, dei som eg hev sendt frå denne staden til Kaldear-landet.
  
6. Eg vil retta augo mine på det med hugnad og føra dei heim att til dette landet, og eg vil byggja dei upp og ikkje riva dei ned, eg vil planta dei og ikkje rykkja dei upp.
  
7. Og eg vil gjeva dei hjarta til å kjenna meg, at eg er Herren, og dei skal vera mitt folk, og eg vil vera deira Gud, for dei skal venda um til meg av alt sitt hjarta.
  
8. Og som ein gjer med låke fikor som er so låke at dei ikkje er etande, - ja so segjer Herren, soleis vil eg gjera med Sedekias, Juda-kongen og hovdingane hans og dei som er att i Jerusalem, dei som er att i dette landet, og dei som bur i Egyptar-landet.
  
9. Eg vil lata alle riki på jordi fara ille med dei, so dei skal lida vondt, og eg vil gjera dei til ei hæding og eit ordtøke, til ei spott og ei forbanning på alle dei stader som eg driv dei burt til.
  
10. Og eg vil senda imot dei sverd og svolt og sott til dei vert reint utrudde or landet som eg gav dei og federne deira.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES