Bible Study: FrontPage




 

Jeremias, Chapter 34

Bible Study - Jeremias 34 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Dette er det ordet som kom til Jeremias frå Herren medan Nebukadnesar, Babel-kongen, stridde mot Jerusalem og alle byane hennar, han og heile heren hans og alle rike på jordi som han rådde yver, og alle folkeslagi:
  
2. So segjer Herren, Israels Gud: Gakk og tal til Sedekias, Juda-kongen, og seg til han: So segjer Herren: Sjå, eg gjev denne byen i hendene på Babel-kongen, og han skal brenna han upp.
  
3. Og du sjølv skal ikkje sleppa undan han, men du skal verta teken og gjeven i hans hand, og augo dine skal sjå augo åt Babel-kongen, og hans munn skal tala med din munn, og til Babel skal du koma.
  
4. Men høyr Herrens ord, Sedekias, Juda-konge! So segjer Herren um deg: Du skal ikkje døy for sverd.
  
5. I fred skal du døy, og liksom dei brende bål til æra for federne dine, dei fyrre kongane, dei som var fyre deg, so skal dei og brenna for deg, og dei skal halda syrgjehøgtid etter deg og ropa: Ai ei, herre! For eit ord hev eg tala, segjer Herren.
  
6. Og profeten Jeremias tala alle desse ordi til Sedekias, Juda-kongen, i Jerusalem
  
7. medan heren åt Babel-kongen stridde imot Jerusalem og imot alle Juda-byane som endå var att, Lakis og Aseka; for det var dei faste byane som endå var att av Juda-byane.
  
8. Dette er det ordet som kom til Jeremias frå Herren etter kong Sedekias hadde gjort ei semja med alt folket i Jerusalem um å lysa ut fridom,
  
9. so at kvar mann skulde gjeva trælen sin og trælkvinna si frie, um dei var hebrearar, so ingen skulde halda sin jødiske bror i trældom.
  
10. Då lydde alle hovdingane og alt folket som hadde gjort den semja at kvar mann skulde gjeva trælen sin og trælkvinna si frie og ikkje lenger halda dei i trældom; dei lydde og gav dei frie.
  
11. Men sidan gjorde dei det um att; dei tok tilbake dei trælane og trælkvinnone som dei hadde slept frie, og truga dei til å vera trælar og trælkvinnor att.
  
12. Då kom Herrens ord til Jeremias - Herren sa:
  
13. So segjer Herren, Israels Gud: Eg gjorde ei pakt med federne dykkar den dagen eg førde dei ut or Egyptar-landet, or trælehuset, og eg sa:
  
14. I det sjuande året skal de gjeva fri kvar sin bror som hev selt seg til deg, um han er hebrear; i seks år skal han tena deg, og so skal du lata han fara frå deg fri. Men federne dykkar høyrde ikkje på meg og vende ikkje øyra sitt til.
  
15. Men no hadde de snutt og gjort det som er rett i mine augo, med di de hadde lyst ut fridom, kvar og ein for sin næste, og de hadde gjort ei semja for mi åsyn i det huset som er uppkalla etter mitt namn.
  
16. Men so snudde de um-att og vanhelga namnet mitt og tok tilbake kvar sin træl og kvar si trælkvinna, som de hadde slept frie so dei kunde råda seg sjølve, og de truga dei til å vera trælar og trælkvinnor åt dykk att.
  
17. Difor segjer Herren so: De hev ikkje høyrt på meg og lyst ut fridom, kvar og ein for sin bror og sin næste; sjå, eg ropar ut fridom for dykk*, segjer Herren, so de vert gjevne åt sverdet og sotti og svolten, og eg let alle riki på jordi fara ille med dykk.
  
18. Og eg gjev dei mennene som braut pakti mi, som ikkje heldt ordi i den pakti dei gjorde for mi åsyn, då dei skar paktkalven i tvo, og so gjekk millom lutene av han,
  
19. hovdingane i Juda og hovdingane i Jerusalem, hirdmennene og prestane og heile landslyden, som gjekk millom lutene av kalven -
  
20. eg gjev dei i hendene på fiendane deira og i hendene på dei som stend dei etter livet, og liki deira skal verta til mat åt fuglane i lufti og dyri på jordi.
  
21. Og Sedekias, Juda-kongen, og hovdingane hans gjev eg i hendene på fiendane deira og i hendene på dei som stend dei etter livet, og i hendene på heren åt Babel-kongen, som no er faren burt frå dykk*.
  
22. Sjå, eg byd, segjer Herren, at dei skal koma attende til denne byen, og dei skal strida imot han og taka han og brenna han upp, og byane i Juda vil eg gjera til ei audn, der ingen bur.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES