|
|
Jeremias, Chapter 47
1. Dette er Herrens ord som kom til profeten Jeremias um filistarane, fyrr Farao hertok Gasa.
2. So segjer Herren: Sjå, vatn stig upp nordantil og vert til ei elv som fløder yver, og det fløder yver landi og alt som i dei er, byane og dei som i dei bur. Menneski skrik, og alle som bur på jordi, barmar seg;
3. når det dyn av hovslagi av hans sterke hestar, når vognene hans ramlar, når hjuli hans dundrar, då ser ikkje federne seg um etter borni, so hugstolne er dei
4. for den dagen skuld som kjem og tyner alle filistarane og ryd ut for Tyrus og Sidon alle som er undankomne og kunde hjelpa; for Herren tyner filistarane, dei som att er frå Kaftor-øyi.
5. Fleinskalla hev Gasa vorte, tagna er Askalon, det som er att av låglandet deira; kor lenge vil du rispa deg i holdet?
6. Ai ei! Du Herrens sverd, kor lenge skal du hava det so annvint? Drag deg inn att i slira di, kvil deg og ver still!
7. Kor kann du halda deg i ro, når Herren hev gjeve deg påbod? Til Askalon og til havstrandi, dit hev han stemnt det.
|
|
Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.
|
| |
| This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com |
|
|
|
SELECT VERSION
COMPARE WITH OTHER BIBLES
|
|