Bible Study: FrontPage




 

Jobs, Chapter 32

Bible Study - Jobs 32 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Dei tri mennene svara ikkje Job meir, av di han heldt seg sjølv for rettferdig.
  
2. Då loga harmen upp hjå Elihu - han var frå Bus* og var son åt Barak'el, av Rams-ætti. Job vart han harm på, av di han meinte um seg sjølv at han var rettferdig for Gud,
  
3. og dei tri venene hans harmast han på, av di dei ikkje fann noko svar og endå dømde Job skuldig.
  
4. Elihu hadde venta med å tala til Job, av di dei andre var eldre enn han.
  
5. Då no Elihu såg at dei tri mennene ikkje hadde noko å svara, vart han brennande harm.
  
6. So tok då Elihu Barak'elsson frå Bus til ords og sa: Ung er eg etter år å rekna, de derimot er gamle menn; difor heldt eg meg undan og var redd å koma fram for dykk med det eg veit.
  
7. Eg tenkte: Alderen lyt tala, dei mange år forkynna visdom.
  
8. Men det er åndi i eit menneske og anden ifrå den Allmektige som gjev det vit.
  
9. Dei gamle er 'kje alltid vise, kvithærde skynar ikkje stødt kva som er rett.
  
10. Og difor segjer eg: Høyr no på meg! Eg og vil koma fram med det eg veit.
  
11. Eg venta på dei ord de skulde segja, eg lydde etter vitug tale frå dykk, medan de grunda ut dei rette ordi.
  
12. Ja, nøgje gav eg akt på dykk; men det var ingen av dykk som sa Job imot, ingen som svara på hans ord.
  
13. Seg ikkje: Me hev funne visdom hjå han; Gud, ikkje noko menneske, kann vinna med han.
  
14. Mot meg hev han då ikkje tala, og eg vil ikkje svara han med dykkar ord.
  
15. Dei er forstøkte, svarar ikkje meir; ordi hev vorte burte for dei.
  
16. Skal eg venta, av di dei ikkje talar, av di dei stend og ikkje svarar meir?
  
17. Eg og vil svara, eg for meg; eg og vil fram med det eg veit.
  
18. For eg er full av ord til svar, i bringa sprengjer åndi på.
  
19. Mitt indre er som innstengd vin; som nyleg fyllte hitar vil det rivna.
  
20. No vil eg tala, so eg kann få luft, no vil eg opna lippone og svara.
  
21. Eg tek ikkje parti for nokon, og ikkje smeikjer eg for noko menneske;
  
22. for smeikja kann eg ikkje med; elles reiv snart skaparen meg burt.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES