Bible Study: FrontPage




 

Jobs, Chapter 40

Bible Study - Jobs 40 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Og Herren svara Job or stormen og sa:
  
2. Spenn beltet på deg som ein mann! So vil eg spyrja deg, og du skal læra meg.
  
3. Vil du då jamvel gjera retten min til inkjes, døma meg skuldig, so du sjølv fær rett?
  
4. Hev du vel slik ein arm som Gud, og kann du dundra med ei røyst som hans?
  
5. Pryd deg med høgd og herredom, klæd deg i glans og herlegdom!
  
6. Lat so din vreide strøyma fram, og sjå på alle dei ovmodige og gjer dei mjuke!
  
7. Ja, sjå på alle dei ovmodige og bøyg dei ned, og trakka ned dei gudlause på flekken!
  
8. Gøym dei i moldi alle saman, bind deira andlet fast i myrkret!
  
9. Då skal eg prisa deg, eg og, for di di høgre hand kann hjelpa deg.
  
10. Sjå Behemot*, som eg hev skapt so vel som deg; plent som ein ukse et han gras.
  
11. Sjå for ei kraft i lendene, for styrke i hans bukmusklar!
  
12. Han strekkjer halen som ein seder; lårsenane er samantvinna.
  
13. Hans knokar er som koparrøyrer, hans bein som stenger utav jarn.
  
14. Han er det fremste av Guds verk; av skaparen fekk han sitt sverd*.
  
15. Fjelli gjev av seg fôr åt han, og alle villdyr leikar der.
  
16. Han kviler under lotusbuskor og ligg i livd av røyr og sev.
  
17. Lotusbuskor gjev han tak og skugge, og piletrei attmed bekken hegnar han.
  
18. Gjeng elvi strid - han ottast ikkje; trygg er han um so sjølve Jordan kjem fossande imot hans gap.
  
19. Tru nokon tek han so han ser det, og dreg ei snara gjenom nosi hans?
  
20. Tru du kann draga Leviatan* upp med krok og tvinga tunga hans med snøre?
  
21. Kann du få sett ei sevlina i nosi hans, bora ein krok igjenom kjaken hans?
  
22. Tru han vil beda mykje for seg eller tala mjuke ord til deg?
  
23. Tru han vil gjera samband med deg, so han vert trælen din for alltid?
  
24. Kann du vel leika med han liksom med ein fugl og halda han i band til gjenteborni dine?
  
25. Skal tru eit fiskarlag kann kjøpslå um han, stykkja han ut imillom kræmarane?
  
26. Kann du vel fylla hudi hans med spjot og like eins hans hovud med harpunar?
  
27. Ja, prøv å leggja hand på han! Den striden kjem du til å minnast og gjer det ikkje ein gong til!
  
28. Nei, den som vågar slikt, lid vonbrot; berre han ser han, stuper han i koll.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES