Bible Study: FrontPage




 

Johannes, Chapter 2

Bible Study - Johannes 2 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Tridje dagen stod det eit brudlaup i Kana i Galilea. Mor åt Jesus var der,
  
2. og Jesus og læresveinane hans vart og bedne til brudlaupet.
  
3. Då vinen traut, segjer mor åt Jesus til han: Dei hev ikkje vin.
  
4. Kva vil du meg, kvinna? svara Jesus; mi tid er ikkje endå komi.
  
5. Gjer alt han segjer til dykk! sa mor hans til bordsveinane.
  
6. Etter di no jødane hev for vis å två seg fyre måli, stod det der seks vass-kjer av stein; kvart av dei tok tvo eller tri anker.
  
7. Fyll kjeri med vatn! segjer Jesus til bordsveinane. Då fyllte dei kjeri heilt uppåt breiddi.
  
8. So sa han til dei: Aus no upp og ber det til kjøkemeisteren! Dei so gjorde;
  
9. men då kjøkemeisteren hadde smaka på vatnet, som var vorte til vin, og ikkje visste kvar den vinen kom ifrå - men bordsveinane visste det, dei som hadde aust upp vatnet - so ropa han på brudgomen og sa til han:
  
10. Kvar mann set fyrst fram den gode vinen, og når folk hev vorte drukne, den ringare; du hev gøymt den gode vinen til no!
  
11. Dette fyrste teiknet sitt gjorde Jesus i Kana i Galilea og let sin herlegdom skina fram; og læresveinane hans trudde på han.
  
12. Sidan for han ned til Kapernaum med mor si og brørne og læresveinane sine, og der vart dei verande nokre få dagar.
  
13. Det leid til påskehelgi åt jødane, og Jesus for upp til Jerusalem.
  
14. I templet fann han folk som selde uksar og sauer og duvor, og andre som sat og veksla pengar.
  
15. Då gjorde han seg ei svepa av reip og dreiv dei alle ut or templet, og sauene og uksane med; småpengane åt vekslarane kasta han utyver, og velte bordi deira,
  
16. og til duvekræmarane sa han: Burt med dette! Gjer ikkje huset åt Far min til ei krambu!
  
17. Og læresveinane kom i hug at det stend skrive: Brennhug for ditt hus kjem til å eta meg upp.
  
18. Då tok jødane til ords og sa til han: Kva teikn syner du oss, sidan du gjer dette?
  
19. Jesus svara: Riv dette templet ned, og eg skal reisa det upp att på tri dagar!
  
20. Då sa dei: I seks og fyrti år hev det vore bygt på dette templet, og du vil reisa det upp att på tri dagar!
  
21. Men det var lekams-templet sitt han tala um.
  
22. Då han no hadde stade upp frå dei daude, kom læresveinane hans i hug at han hadde sagt dette, og dei trudde Skrifti og det ordet Jesus hadde sagt.
  
23. Medan han var i Jerusalem i påskehelgi, på høgtidi, trudde mange på namnet hans då dei såg dei teikni han gjorde.
  
24. Men sjølv trudde Jesus seg ikkje til dei, av di han kjende alle,
  
25. og ikkje trong at nokon skulde vitna um noko menneske; for han visste sjølv kva som budde i menneskja.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES