Bible Study: FrontPage




 

Johannes, Chapter 21

Bible Study - Johannes 21 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Sidan openberra Jesus seg endå ein gong for læresveinane; det var ved Tiberias-sjøen, og gjekk soleis til:
  
2. Simon Peter og Tomas - han som me kallar Didymus* - og Natanael - han frå Kana i Galilea - og Sebedeus-sønene og tvo andre av læresveinane var der i hop.
  
3. Då segjer Simon Peter til dei: Eg vil av og fiska. - Me vil og vera med, segjer dei. So tok dei ut og steig i båten; men den natti fekk dei ikkje noko.
  
4. I det belet det tok til å dagast, stod Jesus med ein gong på strandi; men læresveinane visste ikkje at det var han.
  
5. Jesus sa til dei: De hev vel ikkje noko fisk, born? Nei, svara dei.
  
6. Kasta garnet på høgre sida av båten, so fær de fisk, sa han. Dei so gjorde, og då var dei ikkje god til å draga garnet, so mykje fisk var der.
  
7. Då segjer den læresveinen som Jesus elska, til Peter: Det er Herren! Med det same Simon Peter fekk høyra at det var Herren, batt han kjolen um seg - for han var naken - og kasta seg i sjøen.
  
8. Og dei andre læresveinane kom med båten, og drog garnet med fiskane etter seg; for dei var ikkje langt ifrå land, berre tvo hundrad alner på lag.
  
9. Då dei steig i land, ser dei ein glohaug som ligg der med fisk på og brød.
  
10. Kom hit med noko av den fisken de fekk! segjer Jesus.
  
11. Då steig Simon Peter ut i båten og drog garnet på land; det var fullt av store fiskar, hundrad og tri og femti; men endå det var so mange, gjekk ikkje garnet sund.
  
12. Kom hit og et morgonverden! segjer Jesus. Ingen av læresveinane våga å spyrja han: Kven er du? dei visste det var Herren.
  
13. Då kom Jesus og tok brødet og gav dei, og like eins fisken.
  
14. Dette var no tridje gongen Jesus openberra seg for læresveinane etter at han hadde stade upp frå dei daude.
  
15. Som dei no hadde ete morgonverden, segjer Jesus til Simon Peter: Simon Johannesson, elskar du meg meir enn desse? - Ja, Herre, svarar han; du veit at eg held av deg. - Fød lambi mine! segjer Jesus.
  
16. So segjer han til han att, andre gongen: Simon Johannesson, elskar du meg? Han svarar: Ja, Herre, du veit eg held av deg. Gjæt sauene mine! segjer Jesus.
  
17. So segjer han til han tridje gongen: Simon Johannesson, held du av meg? Peter tykte det leidt at han spurde han tridje gongen: Held du av meg? Han svara: Herre, du veit alt, du veit at eg held av deg. Jesus segjer til han: Fød sauene mine!
  
18. Det segjer eg deg for visst og sant: Då du var yngre, batt du sjølv beltet um deg og gjekk dit du vilde; men når du vert gamal, skal du retta ut hendene dine, og ein annan skal binda beltet um deg og føra deg dit du ikkje vil.
  
19. Det sa han for å vitra um kva slag daude han skulde koma til å æra Gud med. Då han hadde sagt det, segjer han til han: Fylg meg!
  
20. Då Peter snudde seg, ser han at den læresveinen som Jesus elska, fylgde med, han som hadde sete tett innmed han då dei heldt nattverd, og spurt: Herre, kven er den som svik deg?
  
21. Då Peter såg han, segjer han til Jesus: Herre, korleis skal det so ganga han?
  
22. Jesus svarar: Um eg vil at han skal leva til eg kjem, kva hev so du med det? Fylg du meg!
  
23. Soleis kom det ordet ut bland brørne: Den læresveinen døyr ikkje. Men Jesus sa ikkje til han at han ikkje skulde døy; det han sa, var: Um eg vil at han skal leva til eg kjem, kva hev so du med det?
  
24. Det er den læresveinen som vitnar um desse ting og hev skrive dette, og me veit at hans vitnemål er sant.
  
25. Det er endå mykje anna som Jesus hev gjort. Skulde det skrivast upp, kvar ting for seg, trur eg ikkje heile verdi kunde røma dei bøkene som då laut skrivast.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES