Bible Study: FrontPage




 

Jonas, Chapter 2

Bible Study - Jonas 2 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Men Herren sende ein stor fisk, som gløypte Jonas; og Jonas var i buken åt fisken i tri dagar og tri næter.
  
2. Og Jonas bad til Herren sin Gud frå buken åt fisken
  
3. og sa: Eg kalla på Herren i mi naud, og han svara meg; frå helheims buk ropa eg, og du høyrde mi røyst.
  
4. Du kasta meg i djupet, midt i havet, og straumar kringsette meg; alle dine brot og bylgjor gjekk yver meg.
  
5. Eg tenkte då: Eg er støytt burt frå dine augo. Men eg skal atter skoda upp til ditt heilage tempel.
  
6. Vatni kringa seg um meg heilt alt til sjeli, djupet kringsette meg, tang sveipte seg um hovudet mitt;
  
7. radt til bergbotnane sokk eg ned, jordheims bommar stengdest etter meg for alltid. Men du førde mitt liv upp or gravi, Herre min Gud!
  
8. Då mi sjel ormektast i meg, kom eg Herren i hug, og mi bøn kom til deg i ditt heilage tempel.
  
9. Dei som held seg til tome avgudar, dei gjeng frå si miskunn*.
  
10. Men med lovsongs tonar vil eg ofra til deg; det eg lova, vil eg halda. Hjå Herren er frelsa.
  
11. So baud Herren fisken, og han spydde Jonas upp på land.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES