Bible Study: FrontPage




 

Jonas, Chapter 4

Bible Study - Jonas 4 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Men det tykte Jonas svært ille um, og han vart brennande harm.
  
2. Han bad då til Herren og sa: Å Herre, var det ikkje det eg tenkte då eg endå var i mitt land? Difor flydde eg til Tarsis den gongen; for eg visste du er ein nådig og miskunnsam Gud, langmodig og rik på miskunn, og angrar det vonde.
  
3. So tak no, Herre, livet mitt! For eg vil heller døy enn leva.
  
4. Då sa Herren: Hev du grunn til å harmast?
  
5. Jonas hadde gjenge ut or byen; han hadde sett seg austanfor byen, og der hadde han gjort seg ei lauvhytta og sat der i skuggen og vilde sjå korleis det gjekk med byen.
  
6. Då let Herren Gud ein kikajon veksa upp yver Jonas til å skyggja yver hovudet hans, so han kunde verta fri mismodet sitt; og Jonas fann stor gleda i kikajonen.
  
7. Men dagen etter, då morgonen rann, sende Gud ein makk, som stakk kikajonen so han visna.
  
8. Då soli rann, sende Gud ein brennande austanvind, og soli stakk Jonas på hovudet, so han ormektast. Då ynskte han at han måtte få døy, og sa: Eg vil heller døy enn leva.
  
9. Men Gud sa til Jonas: Hev du grunn til å harmast for kikajonen skuld? Han svara: Ja, eg hev grunn til å harmast til dauden.
  
10. Då sa Herren: Du ynkast yver kikajonen, som du ikkje hev havt møda med og ikkje hev ale upp, som kom til på ei natt og gjekk til grunns på ei natt;
  
11. og so skulde ikkje eg ynkast yver Ninive, den store byen, der det finst meir enn tolv gonger ti tusund menneske som ikkje kann skilja millom høgre og vinstre, og ei mengd med dyr!


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES