Bible Study: FrontPage




 

Josvas, Chapter 19

Bible Study - Josvas 19 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Den andre luten fall på Simeon, på Simeons-borni og ættgreinene deira. Det landet dei fekk, låg midt i Juda-fylket.
  
2. Til Simeons-fylket høyrde Be'erseba og Seba og Molada
  
3. og Hasar-Sual og Bala og Esem
  
4. og Eltolad og Betul og Horma
  
5. og Siklag og Bet-Hammarkabot og Hasar-Susa
  
6. og Bet-Leabot og Saruhen - trettan byar med grendene som høyrde til;
  
7. A'in, Rimmon og Eter og Asan - fire byar med grendene som høyrde til,
  
8. og alle bygdene som låg ikring desse byane, alt til Ba'alat-Be'er, Rama i sudlandet. Dette var odelsjordi som Simeons-ætti og greinene hennar fekk.
  
9. Dei fekk odelseiga si i det landet som var mælt ut til Juda-borni. Den luten som fall på Juda-borni, vart for stor åt dei; difor var det at Simeons-borni fekk landet sitt midt i deira land.
  
10. Den tridje luten fall på Sebulons-borni og ættgreinene deira. Det landet dei fekk, rakk til Sarid.
  
11. Fylkesdeilet gjekk i vest upp til Marala, gjekk frammed Dabbeset og nådde den bekken som renn austanfor Jokneam.
  
12. I aust, der soli kjem upp, vende det seg frå Sarid burt imot Kislot-Taborbygdi, heldt fram til Haddaberat og gjekk upp til Jafia.
  
13. Derifrå tok det, på solsida, austsida, yver til Gat-Hefer og Et-Kasin, heldt fram til Rimmon og svinga burt til Hannea.
  
14. So vende deilet seg nordetter til Hannaton og enda i Jiftah-El-dalen.
  
15. I Sebulons-fylket låg og Kattat og Nahalal og Simron og Jidala og Betlehem; i alt var der tolv byar med grender ikring.
  
16. Dette var det landet Sebulons-borni og ættgreinene deira fekk til odel og eiga med byar og grender.
  
17. Issakar var det som fekk den fjorde luten, Issakars-borni og ættgreinene deira.
  
18. I landet deira låg Jisre'ela og Hakkesullot og Sunem
  
19. og Hafara'im og Sion og Anaharat
  
20. og Harabbit og Kisjon og Ebes
  
21. og Remet og En-Gannim og En-Hadda og Bet-Passes.
  
22. Fylkesdeilet gjekk frammed Tabor og Sahasuma og Bet-Semes og enda i Jordan. I alt var der sekstan byar med grender ikring.
  
23. Dette var det landet som Issakars-ætti og greinene hennar fekk til odel og eiga, med byar og grender.
  
24. Den femte luten fall på Asers-ætti og greinene hennar.
  
25. I deira land låg Helkat og Hali og Beten og Aksaf
  
26. og Allammelek og Amad og Misal. Fylkesdeilet nådde i vest til Karmel og Sihor-Libnat;
  
27. so vende det seg austetter til Bet-Dagon og gjekk so frammed Sebulons-fylket og Jiftah-El-dalen, nordanfor Bet-Haemek og Ne'iel; sidan heldt det fram til Kabul i nord.
  
28. I Asers-fylket låg og Ebron og Rehob og Hammon og Kana, alt burt til Stor-Sidon.
  
29. So vende deilet seg mot Harama og heldt fram til Tyrusborgi; der ifrå tok det leidi til Hosa og gjekk ut i havet ikkje langt frå Aksib.
  
30. Umma og Afek og Rehob låg og i dette fylket. I alt var der tvo og tjuge byar med grender ikring.
  
31. Dette var det landet som Asers-ætti og greinene hennar fekk til odel og eiga, med byar og grender.
  
32. På Naftali-borni fall den sette luten, på Naftali-borni og ættgreinene deira.
  
33. Fylkesdeilet deira gjekk frå Helef, frå Sa'anannim-eiki, um Adami-Hannekeb og Jabne'el, heldt fram til Lakkum og gjekk ut i Jordan.
  
34. So vende deilet seg vestetter til Asnot-Tabor og heldt fram til Hukkok. I sud skifte dei med Sebulon og i vest med Aser og i aust med Juda ved Jordan.
  
35. Av faste byar var der: Hassiddim, Ser og Hammat, Rakkat og Kinneret
  
36. og Adama og Harama og Hasor
  
37. og Kedes og Edre'i og En-Hasor
  
38. og Jiron og Migdal-El, Horem og Bet-Anat og Bet-Semes. I alt var der nittan byar med grender ikring.
  
39. Dette var det landet Naftali-ætti og greinene hennar fekk til odel og eiga, med byar og grender.
  
40. På Dans-ætti og greinene hennar fall den sjuande luten.
  
41. I deira fylkesland låg Sora og Estaol og Ir-Semes
  
42. og Sa'alabbin og Ajalon og Jitla
  
43. og Elon og Timnata og Ekron
  
44. og Elteke og Gibbeton og Ba'alat
  
45. og Jehud og Bene-Berak og Gat-Rimmon
  
46. og Me-Hajarkon og Harakkon og bygdene burtmed Joppe.
  
47. Men det vart for trongt for Dans-borni i landet deira; difor for dei nordetter og tok på Lesem-buane; dei vann landet deira og øydde det med odd og egg; sidan la dei det under seg og vart buande der; og i staden for Lesem kalla dei bygdi Dan etter ættefaren sin.
  
48. Dette var det landet Dans-ætti og greinene hennar fekk til odel og eiga, med byar og grender.
  
49. Då Israels-borni vel hadde skift ut heile Kana'ans-landet, so vidt som det var, let dei Josva Nunsson få ei odelseiga millom seg;
  
50. dei gjorde som Herren hadde sagt, og gav han den byen han bad um, Timnat-Serah på Efra'ims-fjellet; og han bygde upp byen og busette seg der.
  
51. Dette var dei odelseigone som Eleasar, presten, og Josva Nunsson og hovdingane yver Israels ætter og ættgreiner luta ut i Silo for Herrens åsyn, i møtetjelddøri. Dermed var dei ferdige med å skifta ut landet.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES