Bible Study: FrontPage




 

Josvas, Chapter 5

Bible Study - Josvas 5 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Alle amoritarkongane vestanfor Jordan og alle kana'anitarkongane utmed havet vart reint vitskræmde då det spurdest at Herren hadde turka ut Jordan for Israels-borni medan me for yver, og dei torde ikkje lenger tenkja på å møta Israels-borni.
  
2. I det same belet sa Herren til Josva: Gjer deg steinknivar og umskjer Israels-borni att*!
  
3. So gjorde Josva seg steinknivar og umskar Israels-borni attmed Ha'aralot-haugen*.
  
4. Men at Josva laut umskjera dei, det hadde seg so: Alt folket som for frå Egyptar-land, alle karar, alle våpnføre menner, hadde døytt burt i øydemarki på vegen frå Egyptar-land.
  
5. No var alle dei som for frå Egyptar-land, umskorne, men av dei som vart fødde på ferdi i øydemarki, var ingen umskoren.
  
6. For i fyrti år laut Israels-borni ferdast i øydemarki, til dess heile folket, alle våpnføre menner som for frå Egyptar-land, hadde døytt burt; dei vilde ikkje lyda Herrens ord, difor svor han dei til at dei ikkje skulde få sjå det landet han hadde lova federne deira å gjeva oss, eit land som fløymer med mjølk og honning.
  
7. Men i staden for dei let han borni deira veksa upp; dei var det Josva umskar; for dei gjekk endå med huvehold, av di dei ikkje hadde vorte umskorne på ferdi.
  
8. Då dette var frå seg gjort, og heile folket var umskore, heldt dei seg i ro i lægret til såri hadde batna.
  
9. Og Herren sa til Josva: I dag hev eg velt av dykk egyptarskammi. Sidan hev den staden vore kalla Gilgal* alt til denne dag.
  
10. Medan Israels-borni låg i læger attmed Gilgal, heldt dei påske på Jeriko-moane den fjortande dagen i månaden, um kvelden.
  
11. Og dagen etter påske åt dei av landsens grøda; usyrt brød og steikte aks åt dei den dagen.
  
12. Same dagen traut manna; for no åt Israels-borni av landsens grøda, og sidan fekk dei ikkje meir manna, men tok same året til å eta av det som var avla i Kana'ans-landet.
  
13. Medan Josva var innmed Jeriko, hende det han noko: Best som han lyfte upp augo, vart han var ein mann som stod beint framfyre han med eit drege sverd i handi. Då gjekk Josva burt til mannen og sa: Er du av våre folk, eller høyrer du til fienden?
  
14. Han svara: Nei, eg er hovdingen yver Herrens her. No er eg komen. Josva fall på kne og bøygde seg til jordi og sa: Kva hev herren min å segja tenaren sin?
  
15. Då svara hovdingen yver Herrens her: Drag skoen av foten din! For den staden du stend på, er heilag. Og Josva gjorde so.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES