Bible Study: FrontPage




 

Dommernes, Chapter 4

Bible Study - Dommernes 4 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Då Ehud var burte, gjorde Israels-borni atter det som var Herren imot.
  
2. Då slepte han dei i hendene på Jabin, kana'anitarkongen. Jabin hadde kongssætet sitt i Hasor. Hovdingen yver heren hans heitte Sisera; han budde i Haroset-Haggojim.
  
3. Og Israels-borni ropa til Herren; for Sisera hadde ni hundrad jarnvogner, og han trengde Israels-borni hardt i tjuge år.
  
4. I den tidi var Debora, kona åt Lappidot, domar i Israel. Ho var ei profetkvinna
  
5. og sat jamleg under eit palmetre millom Rama og Betel på Efra'ims-fjellet - Det treet vart heitande Debora-palma - og Israels-borni kom upp til henne, so hu skulde skifta rett millom dei.
  
6. Ho sende bod etter Barak, son åt Abinoam, frå Kedes i Naftali-fylket og sa til han: Høyr no kva Herren, Israels Gud, segjer til deg: Tak ut og drag upp på Tabor-fjellet og hav med deg ti tusund mann av Naftali- og Sebulons-ættene!
  
7. Og eg skal draga Sisera, hovdingen yver Jabins-heren, burtåt deg til Kisonbekken med vognene og heile heren hans og gjeva han i dine hender.
  
8. Då svara Barak: Gjeng du med meg, so skal eg taka ut, men gjeng du ikkje med, so gjeng ikkje eg heller.
  
9. Debora sa: Visst skal eg ganga med deg, men då fær ikkje du æra for den ferdi du tek ut på; for Herren skal gjeva Sisera i kvinnehand, So gjorde ho seg reidug og vart med Barak til Kedes.
  
10. Og Barak stemnde Sebulon og Naftali i hop til Kedes; ti tusund mann fylgde etter han, og Debora var med.
  
11. Den gongen hadde Heber, ein av kenitane, som var ætta frå Hobab, verbror åt Moses, skilt lag med ætti si, Og no flutte han med tjeldbuene sine alt burt til Sa'ana'im-eiki, som stend innmed Kedes.
  
12. Då Sisera fekk spurt at Barak Abinoamsson var faren upp på Tabor-fjellet,
  
13. baud han ut alle vognene sine, ni hundrad jarnvogner, og alt folket han hadde med seg; dei skulde fara frå Haroset-Haggojim til Kisonbekken.
  
14. Då sa Debora til Barak: Kom no! For i dag vil Herren gjeva Sisera i dine hender. Veit du ikkje at Herren gjeng fyre deg i striden? So for Barak ned av Tabor-fjellet, og det fylgde han ti tusund mann.
  
15. Og Herren sette ein støkk i Sisera og alle vognkjempone og heile heren hans, so dei ikkje kunde standa seg for Barak og sverdet hans; då steig Sisera ned av vogni og rømde på sin fot.
  
16. Men Barak elte vognene og heren alt til Haroset-Haggojim, og heile Sisera-heren fall for sverdet; Det vart ikkje att ein einaste mann.
  
17. Sisera rømde på sin fot til tjeldbui hennar Jael, kona åt Heber, keniten; for det var fred millom Jabin, Hasor-kongen, og ætti åt Heber.
  
18. Og Jael gjekk ut imot Sisera og sa: Kom inn, herre, kom inn til meg! Du tarv ikkje vera redd! Då gjekk han inn i tjeldbui til henne, og ho gøymde han under felden.
  
19. So sa han: Kjære deg, gjev meg litt vatn! Eg er tyrst. Då opna ho mjølkeflaska og gav han drikka og breidde på han.
  
20. Og han sa til henne: Statt i budøri, og kjem det einkvar og spør deg um her er nokon, so seg: Nei!
  
21. Då var det Jael, kona åt Heber, tok ein tjeldnagle og gjekk stilt inn til Sisera med ein hamar i handi, og medan han, trøytt som han var, låg i fastaste svevnen, slo ho naglen gjenom tunnvangen hans, so han gjekk ned i jordi. Soleis døydde han.
  
22. I same belet kom Barak og søkte etter Sisera. Då gjekk Jael ut imot han og sa: Kom, so skal eg syna deg den mannen du leitar etter! So gjekk han inn til henne, og då fekk han sjå at Sisera låg livlaus på jordi med naglen gjenom tunnvangen.
  
23. Den dagen bøygde Gud Jabin, kana'ans-kongen, i kne for augo åt Israels-borni;
  
24. og Israels hand låg tyngre og tyngre på Jabin, Kana'ans-kongen, til dei reint gjorde ende på han.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES