Bible Study: FrontPage




 

Klagesangene, Chapter 4

Bible Study - Klagesangene 4 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Kor gullet vert myrkt, det finaste gullet brigda, dei heilage steinane strådde ikring på alle gatemot!
  
2. Sions-borni, dei dyrverdige, gjæve som skiraste gullet, kor dei er haldne jamgode med leirkrukkor, med eit verk av krusmakar-hender!
  
3. Jamvel sjakalar held fram juret, so ungane fær suga; mitt folks dotter hev vorte hjartelaus som strussen i øydemarki.
  
4. Sogbarns-tunga kleimer seg til gomen av torste; småborni bed um brød, men ingen etlar dei noko.
  
5. Dei som fyrr åt forkunnmat, ormektast no på gatone; dei som vart borne på skarlak, lyt no liggja i møk.
  
6. So vart straffi yver mitt folks dotter større enn straffi yver Sodoma, som vart lagt i grus i ein augneblink utan at hender vart lyfte imot det.
  
7. Hovdingane hennar var reinare enn snø, kvitare enn mjølk, raudare i holdet enn korallar; som safir såg dei ut.
  
8. Myrkare enn svart hev dei vorte å sjå til, ein kann ikkje kjenna dei att på gata; hudi skrukkar seg kring beini, ho hev vorte turr som tre.
  
9. Det var betre for dei som fall for sverd, enn for dei som fall for svolten, dei som talmast av og vart tynte av brødløysa.
  
10. Hjartemilde kvinnor koka sjølve sine eigne born; dei hadde dei til mat då mitt folks dotter vart tynt.
  
11. Herren tømde ut sin harm, rende ut sin brennande vreide; han kveikte i Sion ein eld, som øydde alt ned til grunnen.
  
12. Ingen konge på jord kunde tru, ingen i all verdi kunde tenkja at nokon motstandar og fiende skulde koma inn gjenom Jerusalems portar.
  
13. Men det hende like vel, for di profetane synda og prestane forbraut seg, dei rende ut blod av rettferdige i byen.
  
14. Dei for og vildra i gatone som blinde, sulka med blod, so ingen kunde taka i klædi deira.
  
15. Hav dykk undan! Urein! ropa folket til dei - hav dykk undan, hav dykk undan, kom ikkje burti oss! For dei hev flytt og vildrar ikring; det vert sagt millom folki: Her fær dei ikkje vera lenger!
  
16. Herrens åsyn hev spreidt dei ikring, han ser ikkje lenger til dei; prestar vyrder dei* ikkje, gamle miskunnar dei ikkje.
  
17. Medan det* endå stod, stirde våre dimme augo fåfengt etter hjelp; frå vårt vakttårn skygnde me etter eit folk som ikkje kunde hjelpa**.
  
18. Dei lurde på våre steg, so me ikkje kunde ganga på våre gator; det var nær innpå enden med oss, vår tid var ute, ja, vår ende var komen.
  
19. Våre forfylgjarar var snøggare enn himmelens ørnar; burtetter fjelli elte dei oss, i øydemarki lurde dei på oss.
  
20. Vår livsande, den Herren salva, vart fanga i deira graver - og det var um han me sa: I hans skugge skal me leva millom folki.
  
21. Fagna og gled deg berre, du Edoms dotter, du som bur i Us-landet! Til deg og skal skåli koma; du skal verta drukki og nækja deg.
  
22. Di straff er ende, Sions dotter! Han vil ikkje gjera deg utlæg att. Han vil heimsøkja deg for di misgjerning, Edoms dotter, gjera synberre syndene dine.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES