Bible Study: FrontPage




 

3 Mosebok, Chapter 1

Bible Study - 3 Mosebok 1 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Og Herren ropa på Moses og tala til han or møtetjeldet og sa:
  
2. Tala til Israels-borni og seg til dei: Når nokon av dykk vil koma til Herren med ei offergåva av buskapen, so kann de taka offeret dykkar anten av storfeet eller av småfeet.
  
3. Er det eit brennoffer han vil gjeva, og han tek det av storfeet, so skal det vera ein ukse som ikkje hev lyte. Til døri åt møtetjeldet skal han koma med gåva si, so han vert velsedd for Herrens åsyn,
  
4. og han skal leggja handi på hovudet åt offerdyret; då skal det tekkjast Herren og vera til soning for han.
  
5. So skal han slakta uksen for Herrens åsyn, og Arons-sønene, prestane, skal bera fram blodet og skvetta det rundt ikring på altaret som stend framanfor døri åt møtetjeldet.
  
6. Og so skal han flå offerdyret og lema det sund;
  
7. og sønene åt Aron, presten, skal kveikja upp eld på altaret og leggja ved på elden.
  
8. Sidan skal Arons-sønene, prestane, leggja kjøtet og hovudet og feittet uppå veden som er lagd på altarelden.
  
9. Innvolen og føtene skal tvåast i vatn, og so skal presten brenna alt saman på altaret; då er det eit brennoffer, eit eldoffer som gjev god ange for Herren.
  
10. Tek han brennofferet sitt av småfeet, av sauene eller geitene, so skal det vera ein lytelaus ver eller bukk.
  
11. Den skal han slakta på nordsida åt altaret for Herrens åsyn, og Arons-sønene, prestane, skal skvetta blodet rundt ikring på altaret.
  
12. So skal han luta upp offerdyret og lata hovudet og feittet fylgja med, og presten skal leggja lutene uppå veden som er lagd på altarelden.
  
13. Innvolen og føtene skal dei två i vatn, og so skal presten bera fram alt saman og brenna det på altaret; då er det er eit brennoffer, eit eldoffer som gjev god ange for Herren.
  
14. Er det ein fugl han vil taka til brennoffer åt Herren, so skal offergåva han kjem med, vera ei turtelduva eller ein duveunge.
  
15. Presten skal bera fuglen fram åt altaret og vrida hovudet av han og brenna det på altaret; og blodet skal kreistast ut mot altarveggen.
  
16. So skal han taka ut krelen med goret som er i, og kasta det attmed altaret, på austsida, der oska er,
  
17. og so flekkja fuglen innmed vengene, men ikkje riva dei av. Sidan skal presten brenna han på altaret, på veden som er lagd på elden; då er det eit brennoffer, eit eldoffer som gjev god ange for Herren.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES