Bible Study: FrontPage




 

3 Mosebok, Chapter 9

Bible Study - 3 Mosebok 9 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Då den åttande dagen var komen, kalla Moses til seg Aron og sønene hans og dei øvste i Israel,
  
2. og han sa til Aron: Tak ein uksekalv til syndoffer og ein ver til brennoffer, lytelause båe tvo, og leid dei fram for Herrens åsyn!
  
3. Og du skal tala til Israels-borni og segja: Tak ein geitebukk til syndoffer og ein kalv og eit lamb, årsgamle og lytelause båe tvo, til brennoffer,
  
4. og ein ukse og ein ver til takkoffer - dei skal ofrast for Herrens åsyn - og so eit matoffer som er tillaga med olje! For i dag vil Herren syna seg for dykk.
  
5. So henta dei det som Moses hadde sagt, og sette det framanfor møtetjeldet, og heile lyden gjekk innåt og stod for Herrens åsyn.
  
6. Og Moses sa: Soleis hev Herren sagt de skal gjera, so skal herlegdomen åt Herren syna seg for dykk.
  
7. So sa han til Aron: Stig fram åt altaret og ofra syndofferet og brennofferet ditt og gjer soning for deg og for folket, og ber so fram offeret frå folket og gjer soning for dei, soleis som Herren hev sagt!
  
8. So steig Aron fram åt altaret og slakta kalven som skulde vera syndoffer for han sjølv.
  
9. Sønene hans gav han blodet, og han duppa fingeren i blodet og strauk det på altarhorni, og det som var att av blodet, helte han ut innmed altarfoten.
  
10. Feittet og nyro og den store levreflaga av syndofferdyret brende han på altaret, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre;
  
11. men kjøtet og hudi brende han i elden utanfor lægret.
  
12. So slakta han brennofferdyret. Sønene hans gav han blodet, og han skvette det rundt ikring på altaret.
  
13. Sidan rette dei sjølve brennofferet til han, stykke for stykke, og hovudet, og han brende det på altaret.
  
14. Innvolen og føtene tvo han i vatn, og so brende han det og på altaret i hop med hitt.
  
15. So bar han fram offeret frå folket. Fyrst tok han bukken som skulde vera syndoffer for folket, og slakta han og bar han fram til syndoffer, liksom det fyrste offerdyret.
  
16. Sameleis førde han fram brennofferet og ofra det på rette gjerdi.
  
17. Sidan bar han fram matofferet; av det tok han ein neve og brende på altaret umfram morgon-brennofferet.
  
18. So slakta han uksen og veren som skulde vera takkofferet frå folket; sønene hans gav han blodet, og han skvette det rundt ikring på altaret.
  
19. Og feittet av uksen, og spælen og netja og nyro og den store levreflaga av veren,
  
20. alt feittet, la dei uppå bringestykki. Og Aron brende feittet på altaret;
  
21. men bringestykki og det høgre låret svinga han att og fram for Herrens åsyn, som Moses hadde sagt til han.
  
22. Og Aron lyfte hendene yver folket og velsigna dei, og so steig han ned, etter han hadde bore fram syndofferet og brennofferet og takkofferet.
  
23. Sidan gjekk Moses og Aron inn i møtetjeldet, og då dei kom ut att, velsigna dei folket. Då synte herlegdomen åt Herren seg for heile folket,
  
24. og det for ut eld frå Herren åsyn og brende upp det som var på altaret, både brennofferet og feittet, og då folket såg det, ropa dei alle høgt av gleda og kasta seg ned med andletet mot jordi.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES