Bible Study: FrontPage




 

Markus, Chapter 16

Bible Study - Markus 16 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Då sabbaten var ende, kjøpte Maria Magdalena og Maria, mor åt Jakob, og Salome angande kryddor; for dei vilde ganga av stad og salva han.
  
2. Ov-tidleg den fyrste dagen i vika - det var so vidt soli hadde runne - kom dei til gravi.
  
3. Då sa dei seg imillom: Kven skal me få til å velta steinen frå gravopningi?
  
4. Men då dei såg upp, vart dei vare at steinen var fråvelt; for han var ovstor.
  
5. Då dei kom inn i gravi, såg dei ein ung mann som sat på høgre sida, klædd i ein lang kvit kjole. Dei vart forfærde;
  
6. men han sa: Ver ikkje forfærde! De leitar etter Jesus frå Nasaret, han som vart krossfest. Han hev stade upp att; han er ikkje her. Sjå her er staden der dei la han.
  
7. Men gakk no av stad og seg til læresveinane hans og til Peter at han gjeng fyre dykk til Galilea; der skal de sjå han, som han hev sagt dykk.
  
8. Då gjekk dei ut att og rømde frå gravi; for fælska hadde teke dei, so dei skalv og var reint frå seg. Og dei tala ikkje eit ord til nokon, so redde var dei.
  
9. Då Jesus hadde stade upp att tidleg den fyrste dagen i vika, synte han seg fyrst for Maria Magdalena, som han hadde drive sju vonde ånder utor.
  
10. Ho gjekk av stad og fortalde det til dei som hadde vore med han, og som no syrgde og gret.
  
11. Men då dei fekk høyra at han levde, og at ho hadde set han, vilde dei ikkje tru det.
  
12. Sidan synte han seg i ein annan skapnad for tvo av dei, som gjekk etter vegen og skulde ut på landet.
  
13. Dei og kom og sa det til dei andre, men dei trudde ikkje dei heller.
  
14. Seinare synte han seg for dei elleve sjølve, medan dei sat til bords; og han lasta dei for vantrui og tråskapen deira, at dei ikkje trudde dei som hadde set han etter han var staden upp att.
  
15. Og han sa til dei: Gakk ut i all verdi og kunngjer evangeliet for all skapningen!
  
16. Den som trur og vert døypt, skal verta frelst, men den som ikkje trur, skal verta fordømd.
  
17. Og desse teikna skal fylgja dei som trur: I mitt namn skal dei driva ut vonde ånder; dei skal tala med nye tungor;
  
18. dei skal taka ormar i hendene, og um dei drikk noko som det er gift i, skal det ikkje skada dei; legg dei hendene på sjuke, so skal dei få att helsa.
  
19. Etter Herren Jesus hadde tala til dei, vart han teken upp til himmels, og sette seg ved Guds høgre hand.
  
20. Og dei gjekk ut og tala Guds ord alle stader, og Herren var med dei og stadfeste ordet med dei teikni som fylgde med.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES