Bible Study: FrontPage




 

Matteus, Chapter 23

Bible Study - Matteus 23 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Sidan tala Jesus til folket og til læresveinane sine og sa:
  
2. På Moses' stol sit dei skriftlærde og farisearane.
  
3. Alt det dei segjer til dykk, lyt de gjera og halda, men etter gjerningane deira skal de ikkje fara. For dei segjer det, men dei gjer det ikkje.
  
4. Dei bind i hop tunge byrder og legg på herdane åt folk, men sjølve vil dei ikkje leda dei med ein finger.
  
5. Alt det dei gjer, gjer dei so folk skal sjå kor gjæve dei er. Dei gjer sine bøneband breide og duskane på kjolen sin store.
  
6. Dei trår etter dei høgste sæti i gjestebodi og dei fremste sessane i synagogone,
  
7. og vil at folk skal helsa dei på torget og kalla dei rabbi.
  
8. Men de skal ikkje lata nokon kalla dykk rabbi; for det er ein som er meisteren dykkar, og de er alle brør.
  
9. Og far skal de ikkje kalla nokon på jordi; for de hev ein Far, han i himmelen.
  
10. Ikkje skal de heller lata nokon kalla dykk lærar; for de hev ein lærar, Kristus.
  
11. Den største av dykk skal vera den som tener dei andre.
  
12. For den som gjer seg sjølv stor, han skal gjerast liten, og den som gjer seg sjølv liten, han skal gjerast stor.
  
13. Men ve yver dykk skriftlærde og farisearar, hyklarar som de er! de stengjer himmelriket for folk; sjølve gjeng de ikkje inn, og dei som gjerne vilde, let de ikkje koma inn.
  
14. Ve yver dykk skriftlærde og farisearar, hyklarar som de er! de et upp husi for enkjor og gjer lange bøner for ei syn skuld; for dette skal de få so mykje strengare dom.
  
15. Ve yver dykk skriftlærde og farisearar, hyklarar som de er! de fer land og strand for å få ein læresvein, og fær de ein, so gjer de han til eit helvetesbarn, tvo gonger verre enn de er sjølve.
  
16. Ve yver dykk, blinde vegleidarar! de som segjer: Um ein sver ved templet, so er det 'kje noko, men sver han ved gullet i templet, då er han bunden.
  
17. Dårar og blinde! Kva er størst, gullet, eller templet som gav gullet si vigsla?
  
18. Og: Um ein sver ved altaret, so er det 'kje noko, men sver han ved offeret som er på det, då er han bunden.
  
19. Blindingar! Kva er størst, offeret, eller altaret som vigslar offeret?
  
20. For den som då sver ved altaret, sver både ved det og alt som på det er;
  
21. og den som sver ved templet, sver både ved det og ved han som der bur;
  
22. og den som sver ved himmelen, sver ved Guds høgsæte og ved han som der sit.
  
23. Ve yver dykk skriftlærde og farisearar, hyklarar som de er! de gjev tiend av mynta og anis og karve, men ansar ikkje det som veg meir i lovi: rettferd og miskunn og truskap. Det skulde ein gjera, og ikkje lata vera hitt heller.
  
24. Blinde vegleidarar, som silar av myhanken, men svelgjer kamelen!
  
25. Ve yver dykk skriftlærde og farisearar, hyklarar som de er! de reinskar skåler og fat utanpå, men inni er dei fulle av ran og hækna.
  
26. Blinde farisearar! Gjer fyrst skåli og fatet reine inni, so vert dei reine utanpå og.
  
27. Ve yver dykk skriftlærde og farisearar, hyklarar som de er! de likjest kalka graver; utanpå er dei vene å sjå til, men inni er dei fulle av daudingbein og allslags ureinskap.
  
28. Soleis er de og utanpå rettferdige å sjå til for folk, men inni dykk er de fulle av hyklarskap og urett.
  
29. Ve yver dykk skriftlærde og farisearar, hyklarar som de er! de byggjer minnesmerke yver profetane og pryder gravene åt dei rettferdige og segjer:
  
30. Hadde me vore til då federne våre levde, so hadde me ikkje vore med dei og drepe profetane.
  
31. So vitnar de då um dykk sjølve at de er born åt dei som slo profetane i hel.
  
32. Haldt no fram på same vis som federne dykkar, til målet er fullt!
  
33. De eiterormar, de slange-ungar, korleis kann de sleppa undan helvetesdomen?
  
34. Sjå, difor sender eg til dykk profetar og vismenn og skriftlærde; sume av dei kjem de til å drepa og krossfesta, og sume til å hudfletta i synagogone dykkar og jaga frå by til by,
  
35. so det skal koma yver dykk alt det skuldlause blodet som hev runne på jordi, frå blodet åt den skuldlause Abel og til blodet åt Sakarias, son åt Barakias, han som de drap millom templet og altaret.
  
36. Det segjer eg dykk for visst: Yver denne ætti skal det koma alt saman.
  
37. Jerusalem, Jerusalem, du som slær i hel profetane, og steinar dei som er sende til deg, kor tidt hev eg ikkje vilja samla borni dine kring meg, liksom ein fugl samlar ungane sine under vengene! Men de vilde ikkje.
  
38. Sjå no skal de få hava huset dykkar audt.
  
39. For eg segjer dykk: De fær aldri sjå meg meir fyrr de ropar: Velsigna vere han som kjem i Herrens namn!


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES