Bible Study: FrontPage




 

Mika, Chapter 5

Bible Study - Mika 5 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Men du, Betlehem, Efrata, som er so liten til å vera millom Judas tusund*! Frå deg skal eg få meg ein mann som skal vera herre yver Israel. Hans upphav er frå fordom, frå ævordoms dagar.
  
2. Difor gjev han dei yver i ulukka alt til den tid då ho som skal føda, hev født; då skal dei som er att av brørne hans*, få koma heim att saman med Israels-borni.
  
3. Og han skal standa og gjæta i Herrens kraft, i Herrens, sin Guds høge namn; og dei skal sitja trygt, for no skal han vera stor alt til endane av jordi.
  
4. Og han skal vera fred. Når Assur kjem inn i landet vårt, og når han stig inn i slotti våre, so reiser me imot han sju hyrdingar, ja åtte menneskehovdingar,
  
5. og dei skal herja Assurs land med sverd og Nimrods land* alt inn i portane; og han skal frelsa frå Assur når han kjem inn i landet vårt, og når han stig yver landskilet vårt.
  
6. Då skal Jakobs leivning vera midt millom mange folkeslag liksom dogg frå Herren, som ei regnskur på gras, som ikkje biar på nokon og ikkje ventar på mannsborni.
  
7. Og leivningen av Jakob skal vera millom heidningfolki, midt imillom mange folk, liksom ei løva millom dyr i skogen, liksom ei ungløva inne i saueflokkar; ho trakkar ned og riv sund kvar ho fer fram, og det er ingen som bergar.
  
8. Høg vere di hand yver uvenene dine! Må alle fiendane dine verta utrudde!
  
9. Og det skal ganga so på den dagen, segjer Herren, at eg vil rydja ut alle hestane du hev, og øyda vognene dine;
  
10. eg vil rydja ut byane i landet ditt og riva ned alle borgene dine;
  
11. eg vil rydja ut all trolldom hjå deg, og folk som spår av skyene, skal ikkje lenger finnast hjå deg;
  
12. eg vil rydja ut or landet ditt dei utskorne bileti dine og biletsteinane dine, so du ikkje meir skal tilbeda det som hendene dine hev laga;
  
13. eg vil riva upp Astarte-bileti i landet ditt, og byane dine vil eg øyda.
  
14. I vreide og harm vil eg taka hemn yver dei heidningfolk som ikkje vilde høyra.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES