Bible Study: FrontPage




 

4 Mosebok, Chapter 25

Bible Study - 4 Mosebok 25 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Medan Israel heldt til i Sittim, tok folket til å fljuga etter kvinnone i Moab.
  
2. Moab-kvinnone bad dei til blotveitslone åt gudane sine, og folket åt og tilbad gudane deira;
  
3. Israel tydde seg til Ba'al-Peor. Då vart Herren brennande harm på Israel,
  
4. og Herren sa til Moses: Tak med deg alle Israels hovdingar og legg desse mennene på stegl for Guds og alle manns augo, so Herrens brennande vreide kann vendast burt frå Israel!
  
5. Og Moses sa til domarane i Israel: Kvar av dykk skal slå i hel dei av folki sine som hev halde seg til Ba'al-Peor!
  
6. Best det, var kom ein av Israels-sønene med ei kvinna frå Midian og leidde henne heim til sitt eige folk midt for augo på Moses og heile Israels-lyden medan dei sat og gret innmed møtetjelddøri.
  
7. Då Pinehas, son åt Eleasar og soneson åt Aron, presten, såg det, steig han fram or lyden og treiv eit spjot
  
8. og gjekk etter mannen inn i koven og rende spjotet igjenom dei båe, mannen og kvinna, so det gjekk inn i livet hennar. Då stanna sotti som herja Israels-borni.
  
9. Men talet på dei som døydde i sotti, var fire og tjuge tusund.
  
10. Og Herren tala til Moses og sa:
  
11. Pinehas, son åt Eleasar og soneson åt Aron, presten, hev vendt vreiden min burt frå Israels-borni, for di han stod like strengt på min rett som eg sjølv; difor vilde eg ikkje vera so streng at eg gjorde ende på Israels-borni.
  
12. Difor skal du segja han at eg vil gjera mi pakt med han, so det skal ganga han vel;
  
13. æveleg prestedøme lovar eg han og ætti hans etter han, for di han var so vyrk for æra åt sin Gud og gjorde soning for Israels-borni.
  
14. Den drepne israeliten, han som vart drepen i hop med den midianitiske kvinna, heitte Simri Saluson; han var hovding yver ei grein av Simeons-ætti.
  
15. Og midianitkvinna som vart drepi, heitte Kosbi; ho var dotter åt Sur, som var hovding yver ei grein av midianitane.
  
16. Og Herren tala til Moses og sa:
  
17. Du skal taka på midianitane og slå dei ned;
  
18. for dei tok på dykk med svikrådene dei bruka mor dykk, då det hende dette med Peor og Kosbi, syster deira, hovdingdotteri frå Midian, som vart drepi den gongen sotti kom yver dykk for Peors skuld.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES