Bible Study: FrontPage




 

4 Mosebok, Chapter 29

Bible Study - 4 Mosebok 29 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Den fyrste dagen i den sjuande månaden skal de halda eit heilagt møte og må ikkje gjera noko utearbeid; den dagen skal lurane ljoma hjå dykk,
  
2. og de skal bera fram eit brennoffer som angar godt for Herren: ein ung ukse, ein ver, sju årsgamle lamb utan lyte,
  
3. og matofferet som høyrer til: fint mjøl, blanda med olje, tri tiandepartar av ein efa attåt uksen og tvo tiandepartar attåt veren,
  
4. og ein tiandepart for kvart av dei sju lambi,
  
5. og so ein syndofferbukk til å gjera soning for dykk med,
  
6. umfram månads-brennofferet og matofferet som høyrer til det, og umfram det faste brennofferet med sitt matoffer og dei vanlege drykkofferi, eit eldoffer som angar godt for Herren.
  
7. Tiande dagen i den same sjuande månaden skal de halda eit heilagt møte. Då skal de fasta og ikkje gjera noko utearbeid;
  
8. og de skal bera fram for Herren eit brennoffer som angar godt: ein ung ukse, ein ver, sju årsgamle lamb - lytelause skal dei vera -
  
9. og matofferet som høyrer til: fint mjøl, blanda med olje, tri tiandepartar av ein efa attåt uksen og tvo tiandepartar attåt veren,
  
10. og ein tiandepart for kvar av dei sju lambi,
  
11. og so ein geitebukk til syndoffer, umfram sonings-syndofferet og det daglege brennofferet med matoffer og drykkoffer som høyrer til.
  
12. Femtande dagen i den sjuande månaden skal de samlast til eit heilagt møte og må ikkje gjera noko utearbeid; og de skal halda helg for Herren i sju dagar.
  
13. Då skal de bera fram eit brennoffer, eit eldoffer som angar godt for Herren: trettan unge uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb - lytelause skal dei vera -
  
14. og matofferet som høyrer til: fint mjøl blanda med olje, tri tiandepartar av ein efa for kvar av dei trettan uksane og tvo tiandepartar for kvar av dei tvo verane,
  
15. og ein tiandepart for kvart av dei fjortan lambi,
  
16. og so ein geitebukk til syndoffer, umfram det daglege brennofferet med sitt matoffer og drykkoffer.
  
17. Andre dagen skal de bera fram tolv unge uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte,
  
18. og matoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksane og verane og lambi etter talet,
  
19. og ein geitebukk til syndoffer, umfram det daglege brennofferet med sitt matoffer og sine drykkoffer;
  
20. tridje dagen elleve uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte,
  
21. og matoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksane og verane og lambi etter talet,
  
22. og ein geitebukk til syndoffer, umfram det daglege brennofferet med sitt matoffer og drykkoffer;
  
23. fjorde dagen ti uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte,
  
24. med matoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksane og verane og lambi etter talet,
  
25. og ein geitebukk til syndoffer, umfram det daglege brennofferet med sitt matoffer og drykkoffer;
  
26. femte dagen ni uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte,
  
27. og ein geitebukk til syndoffer, umfram det daglege brennofferet med sitt matoffer og drykkoffer;
  
28. og ein geitebukk til syndoffer, umfram det daglege brennofferet med sitt matoffer og drykkoffer;
  
29. sette dagen åtte uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte,
  
30. med matoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksane og verane og lambi etter talet,
  
31. og ein geitebukk til syndoffer, umfram det daglege brennofferet med sitt matoffer og drykkoffer;
  
32. sjuande dagen sju uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte,
  
33. med matoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksane og verane og lambi etter talet,
  
34. og ein geitebukk til syndoffer, umfram det daglege brennofferet med sitt matoffer og drykkoffer;
  
35. Åttande dagen skal de halda ei stor samlingshøgtid og må ikkje gjera noko utearbeid;
  
36. og de skal bera fram eit brennoffer, eit eldoffer som angar godt for Herren: ein ukse, ein ver, sju årsgamle lamb utan lyte,
  
37. med matoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksen og veren og lambi etter talet,
  
38. og ein geitebukk til syndoffer, umfram det daglege brennofferet med sitt matoffer og drykkoffer;
  
39. Dette er det de skal ofra Herren på høgtidene dykkar, umfram lovnadsofferi og dei friviljuge offeri dykkar, anten det er brennoffer eller matoffer eller drykkoffer eller takkoffer.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES