Bible Study: FrontPage




 

4 Mosebok, Chapter 36

Bible Study - 4 Mosebok 36 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Husfedrene i ætti etter Gilead, som var son åt Makir, Manasses son, og høyrde til Josefs-ættene, gjekk fram og tala so til Moses og styresmennene, ættehovdingane åt Israels-borni:
  
2. Herren hev sagt at du, herre, skal byta landet i luter og lata Israels-borni kasta lut um dei, og han hev sagt at du skal lata døtterne åt Selofhad, bror vår, få eigedomen etter far sin.
  
3. Men vert no dei gifte med menner av dei andre Israels-ættene, so gjeng eigedomen deira ifrå vår ætt, og jordi åt den ætti dei kjem inn i, aukar, men vår ættejord minkar.
  
4. Og når jubelåret kjem hjå Israels-borni, so vert eigedomen åt desse gjentone lagd til den ætti som dei hev kome inn i, og teken ifrå vår ætt.
  
5. Då tala Moses til Israels-borni, so som Herren hadde sagt han fyre: Det er rett som Josefs-ætti segjer.
  
6. Høyr no kva Herrens vilje er med døtterne åt Selofhad: Dei kann gifta seg med kven dei vil, men det lyt vera innan fedre-ætti deira.
  
7. For ingen eigedom må hjå Israels-borni ganga yver frå ei ætt til ei onnor. Alle Israels-borni skal halda på eigedomen åt fedre-ætti si.
  
8. Og kvar ei dotter som erver jord i eit av Israels-fylki, lyt gifta seg med ein frå same fylket, so kvar Israels-son kann erva odelsjordi etter federne sine,
  
9. og ingen eigedom skal ganga yver frå ei ætt til ei onnor, men alle Israels-ættene halda på eigedomen sin.
  
10. Og døtterne åt Selofhad gjorde som Herren hadde sagt til Moses.
  
11. Mahla og Tirsa og Hogla og Milka og Noa, alle døtterne åt Selofhad, gifte seg med søner åt farbrørne sine;
  
12. med menner som var ætta frå Manasse, son åt Josef, gifte dei seg, so odelen deira kom til å fylgja den ætti dei høyrde til.
  
13. Dette er dei bodi og lovene som Herren let Moses kunngjera for Israels-borni på Moab-moane ved Jordan-elvi, midt for Jeriko.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES