Bible Study: FrontPage




 

4 Mosebok, Chapter 6

Bible Study - 4 Mosebok 6 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Og Herren tala til Moses og sa:
  
2. Tala til Israels-borni og seg til dei: Når ein mann eller kvinna gjer ein nasirear-lovnad og vigjer seg til Herren,
  
3. so skal dei halda seg ifrå vin og sterke drykker; dei må ikkje smaka vineddik eller annan sterk eddik; dei må ikkje drikka nokon drykk som er tillaga av druvor, og ikkje eta druvor, korkje friske eller turre.
  
4. So lenge vigsla varer, må dei ikkje eta noko som er tillaga av vintreet, frå kjerna til skal.
  
5. So lenge vigslingslovnaden gjeld, må det ikkje koma rakekniv på hovudet åt den som er vigd; alt til vigslingstidi er ute, skal han vera heilag; han skal lata hovudhåret sitt veksa fritt.
  
6. So lenge han er vigd til Herren, må han ikkje koma innåt noko lik.
  
7. Um far eller mor eller bror eller syster hans døyr, so må han ikkje for deira skuld gjera seg urein; for merket på hans vigsla til hans Gud er på hovudet hans.
  
8. Alt medan vigsla varer, er han heilag for Herren.
  
9. Brådøyr det nokon innmed han og fører ureinskap yver det vigde hovudet hans, so skal han raka hovudet sitt den dagen han vert rein att; den sjuande dagen skal han raka det;
  
10. og den åttande dagen skal han koma til presten, til møtetjelddøri, med tvo turtelduvor eller tvo duveungar,
  
11. og presten skal ofra dei, den eine til syndoffer og den andre til brennoffer, og gjera soning for han, so han vert rein for den syndi han førde yver seg då han kom innåt liket. So skal han same dagen helga hovudet sitt,
  
12. og vigja seg for Herren att for like lang tid som han fyrst hadde lova, og bera fram eit årsgamalt lamb til skuldoffer. Den fyrste vigslingstidi gjeld ikkje meir, etter di vigsla hans vart utskjemd.
  
13. So er lovi um nasirearen: Den dagen vigslingstidi hans er ute, skal dei leida han fram åt møtetjelddøri,
  
14. og han skal bera fram offeret sitt for Herren: eit årsgamalt lytelaust verlamb til brennoffer og eit årsgamalt lytelaust saulamb til syndoffer og ein lytelaus ver til takkoffer
  
15. og ei korg med usyrt brød som er baka av fint mjøl, og hellekakor med olje i, og oljesmurde tunnbrødleivar, med matoffer og drykkoffer som høyrer til.
  
16. Og presten skal bera det fram for Herrens åsyn og ofra syndofferet og brennofferet hans;
  
17. og av veren skal han stella til eit takkoffer åt Herren og bera det fram saman med usyrdebrød-korgi, og so skal han bera fram matofferet og drykkofferet hans.
  
18. Sidan skal nasirearen raka det vigde hovudet sitt innmed møtetjelddøri og taka det vigde hovudhåret sitt og leggja det på elden som brenn under takkofferet.
  
19. Og presten skal taka den eine bogen av veren, kokt, og ei hellekaka av dei som er i korgi, og ein tunnbrødleiv og leggja det i hendene på nasirearen, etter han hev raka av seg vigslingsmerket sitt.
  
20. Desse gåvone skal presten svinga for Herrens åsyn; dei er heilage og skal høyra presten til, umfram svingebringa og lyftelåret. Sidan kann nasirearen drikka vin.
  
21. Dette er lovi for den som gjer ein nasirear-lovnad, desse gåvone skal han bera fram for Herren attpå vigsla si, umfram det han elles hev råd til; han skal halda seg etter lovnaden han hev gjort, umfram det som lovi um vigsla hans krev.
  
22. Og Herren tala til Moses og sa:
  
23. Tala til Aron og sønene hans og seg: So skal de segja når de velsignar Israels-borni:
  
24. Herren velsigne deg og vare deg!
  
25. Herren late sit andlet lysa mot deg og vere deg nådig!
  
26. Herren lyfte si åsyn på deg og gjeve deg fred!
  
27. Soleis skal dei leggja mitt namn på Israels-borni, og so vil eg velsigna dei.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES