Bible Study: FrontPage




 

Filippenserne, Chapter 4

Bible Study - Filippenserne 4 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Difor, mine brør, som eg elskar og lengtar etter, mi gleda og min krans, statt soleis støde i Herren, de kjære!
  
2. Evodia påminner eg, og Syntyke påminner eg um å vera samlyndte i Herren.
  
3. Ja, eg bed og deg, du som med rette heiter Synzygus, ver dei til hjelp! for dei hev stridt med meg i evangeliet saman med Klemens og dei andre medarbeidarane - deira namn stend i livsens bok.
  
4. Gled dykk i Herren alltid! atter vil eg segja det: Gled dykk!
  
5. Lat dykkar godlynde verta kjent for alle menneske! Herren er nær.
  
6. Gjer dykk ingi sut for noko ting, men lat i alle ting dykkar ynske koma fram for Gud i påkalling og bøn med takksegjing;
  
7. og Guds fred, som gjeng yver alt vit, skal vara dykkar hjarto og dykkar tankar i Kristus Jesus.
  
8. Elles, brør, alt som er sant, alt som er æva verdt, alt som er rettferdigt, alt som er reint, alt som er elskeleg, alt som hev eit godt namn, kvar ei dygd og alt som priseleg er - gjev akt på det!
  
9. Det som de og hev lært og motteke og høyrt og sett hjå meg, gjer det! og fredens Gud skal vera med dykk.
  
10. Eg vart storleg glad i Herren av di de endeleg ein gong er komne so vidt til velmakt att at de kunde tenkja på min bate, som de og fyrr tenkte på, men de hadde ikkje høve til det.
  
11. Ikkje so at eg segjer dette av trong; for eg hev lært å vera nøgd med det eg hev.
  
12. Eg veit å leva i ringe kår, eg veit og å leva i nøgd; i alt og i alle ting er eg innvigd, både å verta mett og vera svolten, både å hava nøgdi og hava vanråd;
  
13. alt maktar eg i han som gjer meg sterk.
  
14. Men endå gjorde de rett i å vera med meg i mi trengsla.
  
15. Men de veit og, de filipparar, at i den fyrste tid evangeliet kom til dykk, då eg for frå Makedonia, kom ingen kyrkjelyd i rekneskap med meg yver gjeve og motteke utan de åleine;
  
16. for ogso i Tessalonika sende de meg både ein gong og tvo gonger det eg turvte.
  
17. Ikkje so at eg trår etter gåva, men eg trår etter den frukti av henne som rikleg kjem dykk til gode.
  
18. Men no hev eg fenge alt og hev nøgdi; eg hev fullt upp sidan eg med Epafroditus fekk sendingi frå dykk, ein yndeleg ange, eit offer til gleda og hugnad for Gud.
  
19. Og min Gud skal etter sin rikdom fullt upp bøta på all dykkar trong i herlegdom i Kristus Jesus.
  
20. Men vår Gud og Fader vere æra i all æva! Amen.
  
21. Helsa kvar heilag i Kristus Jesus!
  
22. Brørne hjå meg helsar dykk; alle dei heilage helsar dykk, mest dei som høyrer til huslyden åt keisaren.
  
23. Herren Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd!


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES