Bible Study: FrontPage




 

Salomos Ordsprog, Chapter 12

Bible Study - Salomos Ordsprog 12 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Den som elskar age, elskar kunnskap; men den som hatar refsing, er fåvis.
  
2. Den gode fær nåde hjå Herren, men den meinsløge fordømer han.
  
3. Gudløysa hjelper ingen mann til å standa stødt, men roti åt dei rettferdige kann ingen rikka.
  
4. Ei fagna kona er ei kruna for mannen sin, men eit skjemda ting er som ròt i beini hans.
  
5. Dei rettferdige tenkjer berre på det som rett er; dei råder som dei ugudlege legg upp, er svik.
  
6. Dei ugudlege talar stødt um å lura etter blod, men dei ærlege vert berga ved sin munn.
  
7. Dei ugudlege vert kasta i koll, og so er det ute med dei; men rettferdige folks hus stend fast.
  
8. Ein mann fær ros alt etter som vitet hans er, men den som hev eit rangvendt hjarta, kjem i vanvyrdnad.
  
9. Betre vera småmann med ein tenar enn låst vera storkar og ikkje hava mat.
  
10. Den rettferdige hev umsut for buskapen sin, men hjarta hjå ugudlege folk er hardt.
  
11. Den som dyrkar si jord, fær mette av brød; men den som fer etter fåfengde av ting, er fåvis.
  
12. Den ugudlege trår etter det som er ei snara for dei vonde; men dei rettferdige gjev Gud fast rot.
  
13. I lippe-synd ligg ei vond snara, men den rettferdige slepp ut or trengsla.
  
14. Av sin munns frukt fær ein mann sin gode mette, og det eit menneske hev gjort med sine hender, fær han att.
  
15. Dåren held sin eigen veg for den rette, men den som er vis, høyrer på råd.
  
16. Når dåren er vreid, vert det kjent same dagen, men den som er klok, løyner skjemsla.
  
17. Den som er ærleg i sine ord, talar sanning, men det falske vitnet talar svik.
  
18. Mange talar tankelause ord, som sting liksom sverd; men tunga åt dei vise er lækjedom.
  
19. Sannings-lippa held seg æveleg, men ljugar-tunga berre ein augneblink.
  
20. Svik er i deira hjarta som smider vondt i hop; men dei som råder til fred, fær gleda.
  
21. Det hender ikkje den rettferdige noko vondt, men dei ugudlege fær ulukka i fullt mål.
  
22. Ljugar-lippor er ein styggedom for Herren, men han likar dei som fer fram med ærlegdom.
  
23. Eik klok mann dyl det han veit, men dåre-hjarta ropar ut sin dårskap.
  
24. Strevsam hand kjem til å styra, men latskap gjer ein mann til træl.
  
25. Sorg i mannens hjarta tyngjer det ned, men eit godt ord gjev det gleda.
  
26. Den rettferdige rettleider næsten sin, men vegen åt dei ugudlege fører dei vilt.
  
27. Letingen steikjer ikkje si veidn, men annsemd er ein skatt so dyr for menneskja.
  
28. På rettferds stig er liv, og ein jamn veg fører ikkje til dauden.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES