Bible Study: FrontPage




 

Salomos Ordsprog, Chapter 15

Bible Study - Salomos Ordsprog 15 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Mildt svar døyver harm, men eit kvast ord vekkjer vreide.
  
2. Tunga åt vismenner gjev god kunnskap, men dårskap gøyser or munnen på dårar.
  
3. Herrens augo er alle stader, dei ser etter både vonde og gode.
  
4. Linnmælt tunga er eit livsens tre, men ei falsk tunga gjev hjartesår.
  
5. Dåren vanvyrder far sin's age, men den som aktar på refsing, er klok.
  
6. Rettferdig manns hus gøymer stor rikdom, men ugudleg manns inntekt vert til tjon for han.
  
7. Vismanns-lippor strår ut kunnskap, men dårehugen er ikkje rett.
  
8. Offer frå dei ugudlege er ein styggedom for Herren, men bøn frå dei ærlege tykkjer han vel um.
  
9. Gudløysings veg er ein styggedom for Herren, men han elskar den som strevar etter rettferd.
  
10. Hard refsing fær den som gjeng ut av rette stigen; den som hatar age, skal døy.
  
11. Helheim og avgrunn ligg i dagen for Herren, kor mykje meir då menneske-hjarto!
  
12. Spottaren likar ikkje at ein lastar han; til vismenner gjeng han ikkje.
  
13. Gladværugt hjarta gjer andletet ljost, men hjartesorg bryt modet ned.
  
14. Vitug manns hjarta søkjer kunnskap, men dåremunn fer berre med dårskap.
  
15. Alle ein armings dagar er vonde, men gladhjarta mann hev gjestebod stødt.
  
16. Betre er lite med otte for Herren enn stor skatt med uro attåt.
  
17. Betre er eit kål-fat med kjærleik til enn gjødde uksen med hat attåt.
  
18. Brålyndt mann valdar tretta, men den toluge stiller kiv.
  
19. Vegen for letingen er som eit klungergjerde, men vegen er brøytt for dei ærlege.
  
20. Ein vis son gjer far sin gleda, men eit uvitugt menneske vanvyrder mor si.
  
21. Dårskap er gleda for vitlaus mann; men ein vitug mann gjeng beint fram.
  
22. Råder vert til inkjes utan rådleggjing; men der det er mange rådgjevarar, fær dei framgang.
  
23. Mannen gled seg når munnen kann svara, og eit ord i rette tid, kor godt det er!
  
24. Den vituge gjeng livsens veg uppetter, for han vil sleppa burt frå helheimen der nede.
  
25. Herren riv huset ned for dei ovmodige, men for enkja let han merkesteinen standa.
  
26. Vonde tankar er ein styggedom for Herren, men milde ord er reine for han.
  
27. Den vinnekjære fær sitt hus i ulag, men den som hatar gåvor*, han skal leva.
  
28. Den rettferdige tenkjer i sitt hjarta korleis han skal svara, men dei ugudlege let vondskap gøysa ut or munnen.
  
29. Herren er langt burte frå dei ugudlege, men bøni frå dei rettferdige høyrer han.
  
30. Ljos i augo* gjer hugen glad; god tidend gjev merg i beini.
  
31. Den som høyrer på rettleiding til livet, held seg gjerne i lag med vismenn.
  
32. Den som vandar age, vanvyrder sitt liv, men den som høyrer på rettleiding, vinn seg vit.
  
33. Otte for Herren er age til visdom, og fyre æra gjeng audmykt.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES