Bible Study: FrontPage




 

Salomos Ordsprog, Chapter 18

Bible Study - Salomos Ordsprog 18 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Einstødingen fylgjer berre sin eigen hug; mot alle kloke råder glefser han.
  
2. Dåren bryr seg ikkje um å vera vitug, men vil berre visa kva som bur i han.
  
3. Kjem ein ugudleg, so kjem og vanvyrdnad, og med skam fylgjer spott.
  
4. Ordi i ein manns munn er djupe vatn, visdoms kjelda er ein bekk som vell fram.
  
5. Det er ille når ein held med saka mann og rengjer retten for den som er saklaus.
  
6. Dåre-lippor valdar tretta, og munnen hans ropar etter hogg.
  
7. Dåre-munn er til ulukka for han sjølv, og lippone er ei snara for hans liv.
  
8. Baktalar-ord er som lostemat, og dei sig ned i inste hjarta.
  
9. Den som er lat i arbeidet sitt, han er og bror til øydaren.
  
10. Herrens namn er eit tårn so sterkt; dit spring den rettferdige og vert berga.
  
11. Rikmanns eiga er hans faste by, som høge muren i hans eigne tankar.
  
12. Fyre fall er mannsens hjarta stolt, men fyre æra gjeng audmykt.
  
13. Når nokon svarar fyrr han høyrer, vert det til dårskap og til skam for han.
  
14. Modet held mannen uppe i hans sjukdom; men brote mod - kven kann vel bera det?
  
15. Vitug manns hjarta kjøper kunnskap, og øyra åt vismenner søkjer kunnskap.
  
16. Gåva opnar mannen veg og fører han fram for storfolk.
  
17. Den som fyrst legg fram si sak, fær rett; men so kjem motparten og granskar ordi hans.
  
18. Lutkasting gjer ende på trettor og skil millom mektige menner.
  
19. Hev ein bror lide urett, er han verre å vinna enn ei festning, og tretta med han er som bom for ei borg.
  
20. Mannen fær magen sin mett av frukti or munnen sin; av grøda frå lippone vert han mett.
  
21. Tunga hev daude og liv i sitt vald, og alle som gjerne brukar henne, skal eta hennar frukt.
  
22. Den som hev funne ei kona, hev funne lukka og fenge ei nådegåva av Herren.
  
23. Den fatige bed og barmar seg, men den rike svarar med harde ord.
  
24. Ein mann med mange vener gjeng det ille; men det finst vener som er trugnare enn nokon bror.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES