Bible Study: FrontPage




 

Salomos Ordsprog, Chapter 2

Bible Study - Salomos Ordsprog 2 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Son min! Tek du imot mine ord og gøymer bodi mine hjå deg,
  
2. so du vender øyra til visdomen og bøygjer hjarta til klokskapen,
  
3. ja, kallar du på skynet og ropar høgt på vitet,
  
4. leitar du etter det som vore det sylv, og grev som vore det løynde skattar,
  
5. då skal du skyna otte for Herren, og kunnskap um Gud skal du finna.
  
6. For Herren er den som gjev visdom, frå hans munn kjem kunnskap og vit.
  
7. Han gøymer frelsa for dei ærlege, han er ein skjold for dei som lever ulastande;
  
8. for han vaktar stigane åt retten og varar vegen vel for sine trugne.
  
9. Då skal du skyna rettferd og rett og rettvisa, ja kvar god veg.
  
10. For visdom skal koma i ditt hjarta, og kunnskap skal gleda di sjel;
  
11. ettertanke skal halda vakt yver deg, vit skal vara deg
  
12. og fria deg frå vonde vegar, frå folk som fer med rang tale,
  
13. dei som gjeng frå dei rette stigar og vil ferdast på myrke vegar,
  
14. som gleder seg når dei fær gjera vondt, og fegnast yver rang og vond åtferd,
  
15. som gjeng på krokute stigar og fylgjer range vegar.
  
16. Visdomen skal fria deg frå annanmanns kona, frå framand kvinna, som talar sleipe ord,
  
17. som hev svike sin ungdoms ven og hev gløymt si Guds-pakt;
  
18. for hennar hus sig ned i dauden, og ned til daudingane ber hennar vegar;
  
19. dei som gjeng inn til henne, kjem aldri attende, og dei når aldri livsens stigar.
  
20. Visdomen skal hjelpa deg til å ganga den vegen dei gode gjeng, og halda deg på dei stigane der dei rettferdige ferdast;
  
21. for dei ærlege skal bu i landet, og dei ulastande skal verta att der,
  
22. men dei ugudlege skal rydjast ut or landet, og svikarane skal verta rivne burt frå det.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES