Bible Study: FrontPage




 

Salomos Ordsprog, Chapter 22

Bible Study - Salomos Ordsprog 22 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Eit godt namn er meir verdt enn stor rikdom; manntekkje er betre enn sylv og gull.
  
2. Rik og fatig råkast, Herren hev skapt dei båe tvo.
  
3. Den kloke ser fåren og gøymer seg, men dei urøynde held fram og lyt bøta.
  
4. Løn for spaklynde og otte for Herren er rikdom og æra og liv.
  
5. Klunger og snaror er på den vegen den falske gjeng; den som varar sitt liv, held seg burte frå dei.
  
6. Lær guten vegen han skal ganga, so vik han ikkje frå han, jamvel når han eldest.
  
7. Rikmannen råder yver fatigfolk, og den som fær lån, vert træl for den som gjev.
  
8. Den som sår urett, skal hausta vondt, og hans vreide-ris fær ein ende.
  
9. Den godhjarta vert velsigna av di han gav armingen av sitt brød.
  
10. Jaga spottaren ut, so gjeng tretta med, og kiv og skjemsla fær ein ende.
  
11. Den som elskar hjartans reinleik, og som talar vent, han hev kongen til ven.
  
12. Herrens augo vernar den vituge, men ord frå den utrue gjer han um inkje.
  
13. Letingen segjer: Det er ei løva der ute, eg kunde verta drepen midt på gata.
  
14. Munnen åt framand kvinna er ei djup grav; den som Herren er harm på, fell nedi.
  
15. Vitløysa er bundi fast til gutehjarta, men tukteriset driv henne burt.
  
16. Er du hard med armingen, aukar du eiga hans; gjev du den rike, valdar du han berre tap.
  
17. Lut øyra ned og høyr på ord av vismenn og vend ditt hjarta til min kunnskap!
  
18. For det er godt at du tek vare på dei i ditt hjarta, og at dei alle ligg på dine lippor.
  
19. Av di du skal lita på Herren, lærer eg deg i dag, just deg.
  
20. Hev eg ikkje skrive upp åt deg fyndord med råder og kunnskap
  
21. til å kunngjera deg det som rett er, sannings ord, so du kann svara dei som sender deg, med sanne ord?
  
22. Plundra ikkje ein fatigmann, av di han er fatig, og trakka ikkje armingen ned i porten*!
  
23. For Herren skal føra saki deira og taka livet deira som tek noko frå dei.
  
24. Haldt deg ikkje til vens med ein som snart vert vreid, og gjev deg ikkje i lag med ein bråsinna mann,
  
25. so du ikkje skal venja deg til hans vegar og få sett ei snara for livet ditt!
  
26. Ver ikkje millom dei som gjev handtak, millom dei som borgar for skuld!
  
27. Når du inkje hev å betala med, kvifor skal dei då taka sengi di burt under deg?
  
28. Flyt ikkje gamal merkestein som federne dine hev sett!
  
29. Ser du ein mann som er dugleg i arbeidet - han kann koma til å tena kongar; han kjem ikkje til å tena småfolk.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES