Bible Study: FrontPage




 

Salomos Ordsprog, Chapter 25

Bible Study - Salomos Ordsprog 25 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Dette er og ordtøke av Salomo, og av mennene åt Esekias, Juda-kongen, hev samla dei:
  
2. Guds æra er å dylja ei sak*, men kongars æra å granska ei sak.
  
3. Himmel-høgd og jord-dypt og konge-hjarto kann ingen granska ut.
  
4. Skil slagget frå sylvet, so fær gullsmeden ei skål av det.
  
5. Få den ugudlege burt frå kongen, so vert hans kongsstol fast ved rettferd.
  
6. Briska deg ikkje for kongen, og stig ikkje fram på storfolks stad!
  
7. For det er betre dei segjer til deg: Kom her upp, enn at du vert nedflutt for ein stormann, som du hadde set.
  
8. Ver ikkje for snar til å reisa sak, so ingen skal segja: Kva vil du gjera til slutt når din motpart vinn saki til skam for deg?
  
9. Før di sak med motparten din, men ber ikkje ut ein annan manns løyndom!
  
10. For elles vil den som høyrer det, skjella deg ut, og du vil alltid få låkt ord på deg.
  
11. Som eple av gull i skåler av sylv er eit ord som ein talar i rette tid.
  
12. Som ein ring av gull, som ei fingull-sylgja er ein vismann som refser for høyrande øyra.
  
13. Som svalande snø* ein skurdonne-dag er ein tru bodberar for dei som sender han; han kveikjer sjeli åt herren sin.
  
14. Som skyer og vind utan regn er ein mann som kyter av gåvor han ikkje gjev.
  
15. Ved tolmod vert hovdingen yvertald, og den linne tunga bryt bein.
  
16. Finn du honning, so et det du treng, so du ikkje skal leidast av han og spy han ut!
  
17. Set sjeldan din fot i huset åt venen din, so han ikkje skal verta leid deg og hata deg.
  
18. Som hamar og sverd og kvasse pil er den som vitnar rangt mot sin næste.
  
19. Som roti tonn og ustød fot er lit til utru mann på trengsle-dagen.
  
20. Lik ein som kastar klædi ein vinterdag, lik eddik på natron er den som syng visor for sorgfullt hjarta.
  
21. Er din fiende svolten, so gjev han mat, og er han tyrst, so gjev han drikka!
  
22. Då sankar du gloande kol på hans hovud, og Herren skal løna deg for det.
  
23. Nordavind føder regn, og ei tunga som kviskrar i løynd, valdar sure minor.
  
24. Betre å bu i ei krå på taket enn hava hus i hop med trettekjær kvinna.
  
25. Som friske vatnet for den trøytte, so er god tidend frå eit land langt burte.
  
26. Som gruggi kjelda og ein utskjemd brunn, so er rettferdig mann som gjev etter for ein gudlaus.
  
27. Eta for mykje honning er ikkje godt, og gruvlar-æra er tung å bera.
  
28. Som ein by med murane brotne og burte er mannen som ikkje kann styra sin hug.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES