Bible Study: FrontPage




 

Salomos Ordsprog, Chapter 27

Bible Study - Salomos Ordsprog 27 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Rosa deg ikkje av morgondagen, for du veit ikkje kva dagen ber i fang!
  
2. Lat ein annan rosa deg og ikkje din eigen munn, ein framand og ikkje dine eigne lippor!
  
3. Stein er tung, og sand veg mykje, men tyngre enn båe er dåreharm.
  
4. Vreide er fælsleg, og harm er ein flaum; men kven kann standa seg mot ovund?
  
5. Betre er openberrleg refsing enn kjærleik som held seg duld.
  
6. Trugne er slag av venehand, men svikefulle uvens kyssar.
  
7. Den mette vandar honning, men den svoltne tykkjer alt beiskt er søtt.
  
8. Lik ein sporv som flyg ikring burte frå reiret sitt, er ein mann som flakkar um burte frå heimen sin.
  
9. Olje og røykjelse gled hjarta, so og ein ven som er vyrk og gjev ærlege råder.
  
10. Slepp ikkje frå deg din ven og venen åt far din, og gakk ikkje heim til bror din når du er i naud! Ein granne nær attmed er betre enn ein bror langt burte.
  
11. Ver vis, min son, og gled mitt hjarta, so eg kann svara den som spottar meg!
  
12. Den kloke ser fåren og gøymer seg; dei urøynde held fram og lyt bøta.
  
13. Tak klædi hans, for han hev borga for ein annan, og panta han for framand kvinna skuld!
  
14. Den som høgmælt* signar sin ven um morgonen tidleg, han skal få det tilrekna som ei forbanning.
  
15. Si-drop frå taket ein regndag og ei trettekjær kvinna likjest kvarandre.
  
16. Den som held på henne, held på vind, og høgre handi hans triv i olje.
  
17. Jarn sliper jarn, og den eine mannen sliper den andre.
  
18. Den som aktar fiketreet sitt, fær eta frukti av det, og den som er vyrk for herren sin, fær æra.
  
19. Som andlet speglar seg mot andlet i vatnet, so finn det eine mennesket sitt hjarta att hjå hitt.
  
20. Helheim og avgrunn vert ikkje mette, og menneskeaugo fær aldri nok.
  
21. Diglen røyner sylvet og omnen gullet, og ein mann vert røynd etter det han rosar.
  
22. Um du støyter dåren i morteren med støytaren i hop med gryni, so vik ikkje dårskapen frå han for det.
  
23. Du bør vita grant korleis sauene dine ser ut; syt vel for buskapen din!
  
24. For velstand varer ikkje æveleg, og ikkje ei kruna frå ætt åt ætt.
  
25. Når høyet er burte, og håi kjem att, og fjellgras vert sanka i hop,
  
26. då hev du lamb til klæde og bukkar til å kjøpa deg åker for,
  
27. og nøgdi av geitemjølk hev du til mat for deg og ditt hus og til livsupphald for gjentone dine.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES