Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 104

Bible Study - Salmenes 104 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Lova Herren, mi sjel; Herre min Gud, du er ovleg stor, i høgd og herlegdom er du klædd.
  
2. Han sveiper seg i ljos som i eit klædeplagg, han spanar ut himmelen som ein tjeldduk,
  
3. han som timbrar sine høgsalar i vatni, han som gjer skyene til si vogn, som fer fram på vengene åt vinden.
  
4. Han gjer vindar til sine englar og logande eld til sine tenarar.
  
5. Han grunnfeste jordi på stolpane hennar, ho skal ikkje verta rikka i all æva.
  
6. Djupe vatn hadde du lagt yver henne som eit klæde; yver fjelli stod vatni.
  
7. For ditt trugsmål flydde dei, for ditt toremål skunda dei seg burt.
  
8. Dei steig upp til fjelli, sokk ned i dalane, til den staden som du hadde grunnfest for dei.
  
9. Ei grensa sette du, som dei ikkje skal skrida yver; dei skal ikkje atter leggja seg yver jordi.
  
10. Han let kjeldor fløyma fram i dalane; millom fjelli renn dei.
  
11. Dei vatnar alle villdyr på marki; villasni sløkkjer torsten sin.
  
12. Yver dei bur fuglane i lufti; millom greinene syng dei.
  
13. Han vatnar fjelli frå sine høge salar; jordi vert metta av den frukt du skaper.
  
14. Gras let han gro for feet, og vokstrar til gagn for folk, til å få brød fram or jordi.
  
15. Og vin gleder menneskehjarta, so han fær andletet til å skina meir enn olje, og brød styrkjer menneskehjarta.
  
16. Herrens tre vert metta, Libanons sedrar som han hev sett,
  
17. der fuglane byggjer reir, storken som hev sitt hus i cypressane.
  
18. Dei høge fjelli er for steingeitene, bergskortone er til livd for fjellgrevlingane.
  
19. Han gjorde månen til tidarmerke; soli kjenner si nedgangstid.
  
20. Du sender myrker, og det vert natt; då krek alle villdyr i skogen fram.
  
21. Ungløvone burar etter ran, og dei krev si føda av Gud.
  
22. Soli renn; då dreg dei seg heim og legg seg inn i sine hol.
  
23. Menneskja gjeng ut til si gjerning og til sitt arbeid alt til kvelds.
  
24. Kor mange dine gjerningar er, Herre! Du gjorde dei alle med visdom; jordi er full av det du hev skapt.
  
25. Sjå havet, det store og vide! Der krek det i uteljande mengd av dyr, både små og store.
  
26. Der gjeng skipi, Leviatan*, som du laga til å leika seg der.
  
27. Alle ventar dei på deg, at du skal gjeva dei føda i si tid.
  
28. Du gjev dei, dei sankar; du let upp handi, dei vert metta med godt.
  
29. Du løyner ditt andlet, dei vert forskræmde; du tek burt deira ande, dei døyr og vender attende til dusti si.
  
30. Du sender ut din Ande, dei vert skapte, du nyar upp att skapnaden åt jordi.
  
31. Herrens æra vare æveleg! Herren glede seg i sine gjerningar!
  
32. Han som skodar på jordi, og ho skjelv, han som rører fjelli, og dei ryk.
  
33. Eg vil lovsyngja Herren so lenge eg lever; eg vil syngja for min Gud so lenge eg er til.
  
34. Gjev min tale kunde tekkjast han! Eg vil gleda meg i Herren.
  
35. Gjev syndarar måtte kverva burt frå jordi, og ugudlege ikkje lenger finnast! Lova Herren, mi sjel! Halleluja*


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES