Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 108

Bible Study - Salmenes 108 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Ein song, ein salme av David.
  
2. Mitt hjarta er roleg, Gud! Eg vil syngja og lovsyngja, ja, det skal mi æra*.
  
3. Vakna, harpa og citar! Eg vil vekkja morgonroden.
  
4. Eg vil prisa deg millom folki, Herre, eg vil lovsyngja deg millom folkeslagi.
  
5. For di miskunn er stor yver himmelen, og din truskap til dei høge skyer.
  
6. Gud, syn deg høg yver himmelen, og di æra yver heile jordi!
  
7. For at dei du elskar må verta frelste, so hjelp med di høgre hand og bønhøyr oss!
  
8. Gud hev tala i sin heilagdom. Eg vil fagna meg; eg vil skifta ut Sikem, og Sukkotdalen vil eg mæla.
  
9. Meg høyrer Gilead til, meg høyrer Manasse til, og Efra'im er vern for mitt hovud, Juda er min styrarstav.
  
10. Moab er mitt vaskefat, på Edom kastar eg skoen min, for Filistar-land set eg i med fagnadrop.
  
11. Kven vil føra meg til den faste byen? Kven leider meg til Edom?
  
12. Er det ikkje du, Gud, du som støytte oss burt, du, Gud, som ikkje drog ut med våre herar?
  
13. Gjev oss hjelp mot fienden! for mannehjelp er fåfengd.
  
14. Med Guds hjelp skal me gjera storverk, og han skal trakka ned våre fiendar.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES