|
|
Salmenes, Chapter 110
1. Av David; ein salme. Herren sa til min Herre: Set deg ved mi høgre hand, til dess eg fær lagt dine fiendar til skammel for dine føter!
2. Ditt veldes kongsstav skal Herren retta ut frå Sion; ver herre midt imillom dine fiendar!
3. Ditt folk møter viljugt fram på ditt veldes dag; i heilagt skrud kjem din ungdom til deg, som dogg or fanget på morgonroden.
4. Herren hev svore, og han skal ikkje angra det: Du er prest til æveleg tid etter Melkisedeks vis.
5. Herren ved di høgre hand knasar kongar på sin vreide-dag.
6. Han held dom millom heidningane, fyller upp med lik, han knasar hovud utyver den vide jord.
7. Or bekken drikk han på vegen, difor lyfter han hovudet høgt.
|
|
Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.
|
| |
| This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com |
|
|
|
SELECT VERSION
COMPARE WITH OTHER BIBLES
|
|