Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 112

Bible Study - Salmenes 112 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Halleluja! Sæl er den mann som ottast Herren, som hev si store lyst i bodi hans.
  
2. Hans avkjøme skal vera veldigt på jordi; ætti av dei ærlege skal verta velsigna.
  
3. Det er velstand og rikdom i hans hus, og hans rettferd stend æveleg fast.
  
4. Det renn upp eit ljos i myrker for dei ærlege, for den som er nådig og miskunnsam og rettferdig.
  
5. Vel gjeng det den mann som er miskunnsam og gjev lån; han hevdar all si sak i retten.
  
6. For dei skal ikkje rikka han i all æva; den rettferdige skal vera i æveleg minne.
  
7. For vond tidend skal han ikkje reddast; hans hjarta er fast, det lit på Herren.
  
8. Hans hjarta er trygt; han reddast ikkje, til dess han ser med lyst på sine fiendar.
  
9. Han hev strått ut, han hev gjeve til dei fatige; hans rettferd stend æveleg fast, hans horn skal verta upplyft med æra.
  
10. Den ugudlege skal sjå det og harmast, han skal skjera tenner og tærast upp; det dei ugudlege trår etter, vert upp i inkje.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES