|
|
Salmenes, Chapter 128
1. Ein song til høgtidsferdene. Sæl er kvar den som ottast Herren, som ferdast på hans vegar.
2. Det du hev vunne med ditt strev, skal du njota; sæl er du, og det gjeng deg vel.
3. Kona di er som eit fruktrikt vintre inne i ditt hus; borni dine er som oljekvister kringum bordet ditt.
4. Sjå, soleis vert den mann velsigna som ottast Herren.
5. Herren skal velsigna deg frå Sion, og du skal sjå med lyst på Jerusalems lukka alle dine levedagar.
6. Og du skal få sjå born av dine born. Fred vere yver Israel!
|
|
Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.
|
| |
| This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com |
|
|
|
SELECT VERSION
COMPARE WITH OTHER BIBLES
|
|