1. Ein miktam* av David. Vara meg, Gud! for eg flyr til deg.
2. Eg segjer til Herren: Du er min Herre; eg hev inkje godt utan deg -
3. med di eg held meg til dei heilage som er i landet, og dei herlege som eg hev all min hugnad i.
4. Mange sorger skal dei hava som byter åt seg andre*; eg vil ikkje renna ut deira** drykkoffer av blod og ikkje taka deira namn på mine lippor***.
5. Herren er min tilmælte deil og mitt staup; du gjer min lut herleg.
6. Ein lut er meg tilfallen som er av dei huglege, ja, ein arv som eg finn fager.
7. Eg vil lova Herren som gav meg råd; endå um nætene minner mine nyro meg um det.
8. Eg set alltid Herren framfyre meg; for han er ved mi høgre hand, eg skal ikkje verta rikka.
9. Difor gled mitt hjarta seg, og mi æra* fagnar seg; ja, ogso mitt kjøt skal bu i trygd.
10. For du vil ikkje yverlata mi sjel til helheimen, du vil ikkje lata din heilage sjå undergang.
11. Du vil kunngjera meg livsens veg; ei nøgd med gleda er for di åsyn, fagnad ved di høgre hand til æveleg tid.
|