|
|
Salmenes, Chapter 30
1. Ein salme, ein song då huset vart vigt, av David.
2. Eg vil upphøgja deg, Herre, for du hev drege meg upp og ikkje late mine fiendar gleda seg yver meg.
3. Herre, min Gud, eg ropa til deg, og du lækte meg.
4. Herre, du hev ført mi sjel upp or helheimen, du hev vekt meg upp til liv frå dei som fer ned i gravi.
5. Syng lov til Herren, de hans trugne, og prisa hans heilage namn!
6. For ein augneblink varer hans vreide, ei heil levetid hans nåde; um kvelden kjem gråt til gjest, men um morgonen vert det gledesong.
7. Men eg sa i min tryggleik: Eg skal ikkje verta rikka i all æva.
8. Herre, ved din nåde hadde du grunnfest mitt fjell; du løynde di åsyn, då vart eg forfærd.
9. Til deg, Herre, ropa eg, og til Herren bad eg so audmjukt:
10. Kva vinning er det i mitt blod, i at eg fer ned i gravi? Kann moldi prisa deg, kann ho forkynna din truskap?
11. Herre, høyr og ver meg nådig! Herre, ver min hjelpar!
12. Du vende mi sorg um til dans for meg, du klædde av meg min syrgjebunad og gyrde meg med gleda,
13. so mi æra* skal lovsyngja deg og ikkje tagna. Herre min Gud, eg vil æveleg prisa deg.
|
|
Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.
|
| |
| This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com |
|
|
|
SELECT VERSION
COMPARE WITH OTHER BIBLES
|
|