Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 32

Bible Study - Salmenes 32 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Av David; ein song til lærdom. Sæl er den som hev fenge si misgjerd tilgjevi og si synd yverbreidd.
  
2. Sælt er det menneske som Herren ikkje tilreknar skuld, og som er utan svik i si ånd.
  
3. Då eg tagde, morkna mine bein, med di eg stunde heile dagen.
  
4. For dag og natt låg di hand tungt på meg, mi livssaft torna ut som i sumarturken. Sela.
  
5. Eg sanna mi synd for deg og dulde ikkje mi skuld; eg sa: Eg vil sanna mine misgjerningar for Herren. Og du tok burt mi syndeskuld. Sela.
  
6. Difor skal kvar som er trugen, beda til deg den tid du er finnande. Sanneleg, når store vassfløde kjem, til han skal dei ikkje nå.
  
7. Du er mi gøymsla, du vaktar meg for trengsla; du let fagnadrop um frelsa ljoda ikring meg. Sela.
  
8. Eg vil læra deg og visa deg den vegen du skal ganga; eg vil gjeva deg råd med mitt auga på deg.
  
9. Ver ikkje som hest og muldyr, som ikkje hev vit! Deira prydnad er taum og beisl til å tvinga dei, elles kjem dei ikkje nær til deg.
  
10. Den ugudlege hev mange pinor, men den som lit på Herren, han kransar han med miskunn.
  
11. Gled dykk i Herren og fegnast, de rettferdige, og syng av fagnad, alle de ærlege i hjarta!


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES