Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 34

Bible Study - Salmenes 34 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Av David, då han tedde seg galen hjå Abimelek, so han jaga han av, og han gjekk burt.
  
2. Eg vil lova Herren til kvar tid, hans pris skal stendigt vera i min munn.
  
3. Mi sjel skal rosa seg av Herren; dei spaklyndte skal høyra det og gleda seg.
  
4. Lova Herrens storvelde med meg, og lat oss saman upphøgja hans namn!
  
5. Eg søkte Herren, og han svara meg og fria meg frå alt det som skræmde meg.
  
6. Dei som skoda upp til han, lyste av gleda, og deira andlet turvte aldri blygjast.
  
7. Her er ein arming som ropa, og Herren høyrde og frelste han or alle hans trengslor.
  
8. Herrens englar lægrar seg rundt ikring dei som ottast han, og han friar dei ut.
  
9. Smaka og sjå at Herren er god! Sæl er den mann som flyr til han.
  
10. Ottast Herren, de hans heilage! For inkje vantar dei som ottast han.
  
11. Unge løvor lid naud og svelt, men dei som søkjer Herren, dei vantar det inkje godt.
  
12. Kom born, høyr meg! Eg vil læra dykk otte for Herren.
  
13. Kven er den mann som hev lyst til liv, som ynskjer seg dagar til å sjå lukka.
  
14. Haldt tunga frå det som vondt er, og lippone frå svikfull tale!
  
15. Vik burt frå det vonde og gjer det gode, søk fred og far etter han!
  
16. Herrens augo er vende til dei rettferdige, og hans øyro til deira rop.
  
17. Herrens åsyn er imot dei som gjer vondt, til å rydja ut deira minne frå jordi.
  
18. Hine ropar, og Herren høyrer og friar dei ut or alle deira trengslor.
  
19. Herren er nær hjå dei som hev eit sundbrote hjarta, og frelser dei som hev ei hugsprengd ånd.
  
20. Mange ulukkor kjem yver den rettferdige, men Herren friar han ut or dei alle.
  
21. Herre tek vare på alle hans bein, ikkje eitt av dei vert brote.
  
22. Ulukka drep den ugudlege, og dei som hatar den rettferdige, vert saka.
  
23. Herren løyser ut deira sjel som tener han, og av dei som flyr til han, vert ingen saka.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES