Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 52

Bible Study - Salmenes 52 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Til songmeisteren; ein salme til lærdom av David,
  
2. då edomiten Doeg kom og fortalde Saul og sa til han: David er komen i Akimeleks hus.
  
3. Kvi rosar du deg av vondskap, du veldige? Guds miskunn varer all dagen.
  
4. På tyning stilar di tunga, lik ein kvest rakekniv, du som legg upp svikråder.
  
5. Du elskar det vonde i staden for det gode, lygn i staden for å tala sant. Sela.
  
6. Du elskar kvart tynande ord, du svikfulle tunga!
  
7. So skal og Gud riva deg ned for alltid; han skal gripa deg og rykkja deg ut or tjeldet og rydja deg ut or landet åt dei levande. Sela.
  
8. Og dei rettferdige skal sjå det og ottast, og dei skal læ åt han og segja:
  
9. Sjå der den mann som ikkje heldt Gud for si sterke vern, men sette si lit til sin store rikdom, sette sin styrke i sin vondskap.
  
10. Men eg er som eit grønt oljetre i Guds hus, eg set mi lit til Guds miskunn æveleg og alltid.
  
11. Eg vil lova deg til æveleg tid, for du hev gjort det, og eg vil venta på ditt namn, for det er godt, for augo på dine trugne.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES