Bible Study: FrontPage




 

Salmenes, Chapter 88

Bible Study - Salmenes 88 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Ein song, ein salme av Korahs born; til songmeisteren; etter Mahalat leannot*; ein song til lærdom av Heman, esrahiten.
  
2. Herre, min Frelse-Gud! Dag og natt ropar eg framfor deg.
  
3. Lat mi bøn koma for di åsyn, halla ditt øyra til mitt klagerop!
  
4. For mi sjel er mett av ulukkor, og mitt liv er kome nær til helheimen.
  
5. Eg er rekna lik dei som fer ned i gravi; eg er som ein mann utan livskraft,
  
6. frigjeven* som ein av dei daude, lik dei ihelslegne som ligg i gravi, som du ikkje meir kjem i hug, av di dei er skilde frå di hand.
  
7. Du hev lagt meg i den djupe hola, på myrke stader, i ovdjup.
  
8. Din harm ligg tungt på meg, og med alle dine bylgjor trengjer du meg. Sela.
  
9. Du hev drive mine kjenningar langt burt frå meg, du hev gjort meg til ein styggedom for dei; eg er innestengd og kann ikkje koma ut.
  
10. Mitt auga hev ormektast av liding; eg hev kalla på deg, Herre, kvar dag hev eg rett ut mine hender til deg.
  
11. Gjer du vel under for dei daude, eller tru daudingar stend upp og lovar deg? Sela.
  
12. Tru dei i gravi fortel um di miskunn, i avgrunnen um din truskap?
  
13. Vert dine under kjende i myrkret, og di rettferd i gløymelandet?
  
14. Men eg ropar til deg, Herre, og um morgonen kjem mi bøn imot deg.
  
15. Kvifor, Herre, støyter du burt mi sjel? Kvifor løyner du ditt andlet for meg?
  
16. Arm er eg og døyande frå ungdomen av; eg ber dine redslor, eg lyt gjeva meg yver.
  
17. Logane av din harm hev gjenge yver meg, dine skræmor hev gjort meg til inkjes.
  
18. Dei hev ringa seg um meg som vatn all dagen, dei hev kringsett meg alle saman.
  
19. Du hev drive langt burt frå meg ven og næste; mine kjenningar er den myrke staden.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES