Bible Study: FrontPage




 

Apenbaring, Chapter 10

Bible Study - Apenbaring 10 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Og eg såg ein annan veldig engel stiga ned frå himmelen, sveipt i ei sky, og regnbogen var yver hovudet hans, og hans åsyn var som soli, og føtene hans som eldstolpar.
  
2. Og han hadde i handi ei liti opna bok, og han sette den høgre foten på havet og den vinstre på jordi.
  
3. Og han ropa med høg røyst, som ei løva burar, og då han hadde ropa, tala dei sju toredunane med sine røyster.
  
4. Og då dei sju toredunane hadde tala, vilde eg til å skriva; og eg høyrde ei røyst frå himmelen som sa: Set innsigle for det som dei sju toredunane tala, og skriv det ikkje upp!
  
5. Og engelen som eg såg stod på havet og på jordi, lyfte den høgre handi upp mot himmelen
  
6. og svor ved han som lever i all æva, som skapte himmelen og det som er i han, og jordi og det som er på henne, og havet og det som er i det, at det ikkje lenger skal vera nokor tid,
  
7. men i dei dagar då røysti av den sjuande engelen vert høyrd, når han skal blåsa i basun, då skal Guds løyndom vera fullenda, so som han forkynte for tenarane sine, profetane.
  
8. Og den røysti som eg hadde høyrt frå himmelen, høyrde eg tala med meg att og segja: Gakk og tak den litle opne boki i handi på den engelen som stend på havet og på jordi!
  
9. Då gjekk eg burt til engelen og sa til han: Gjev meg den litle boki! Og han segjer til meg: Tak og et henne! ho skal svida i magen din, men i munnen din skal ho vera søt som honning.
  
10. Og eg tok den litle boki or handi på engelen og åt henne, og ho var søt som honning i munnen min, men då eg hadde ete henne, sveid det i magen min.
  
11. Og dei segjer til meg: Du skal atter spå um mange landslydar og folk og tungemål og kongar.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES